Vekas Strøymetips – 31/01/18

På Netflix:  Good Time (Ben og Josh Safdie, 2017)

Det er lite som minner om ein «good time» i denne filmen. Det byrjar med at Connie (Robert Pattinson) bryt den utviklingshemma broren, Nick (Ben Safdie), frå ein eller annan form for terapisesjon – berre for å ha han med i eit bankran. Dette går (sjølvsagt) skeis, og Nick skadar seg og vert arrestert. Resten av filmen fylgjer Connie sine desperate forsøk å gjenforeinast med bror sin, noko som tar form av eit neonbelyst mareritt av ei reise gjennom bakgater i New York City, der kvart steg framover endar opp med å vere tre steg tilbake.

 

Robert Pattinson gnistrar i rolla som Connie, og gjer truverdig den blandinga av tilsynelatande «street smarts» og gjennomtrengande naivitet som gong på gong får han i trøbbel. Eit pulserande soundtrack frå Oneohtrix Point Never, kopla med intime nærbilete, spesielt på Connie, er med å held spenninga på topp gjennom heile speletida. Ein heiar jo for det meste på Connie, til tross for hans ufine metodar. Men ettersom ting eskalerer utover natta, og han endar opp lengre og lengre vekk frå målet sitt, såast tvila om at nokon som helst skal ha det bra når morgonen kjem.


På Viaplay:  The Damned United (Tom Hooper, 2009)

Før Tom Hooper satte seg fullstendig fast i «oscar bait»-sporet, med ei rekkje historiske drama tilsynelatande sikta direkte mot akademiets utdaterte sensibilitetar, laga han dette krysslegget av ein fotballfilm. Det skulle ikkje forundre meg om at grunnen til at denne er so undersett som den er har med det snevre interesseområde «engelsk fotball på 70-talet», samt dei utslitne tropane til sportsfilmar å gjere. Som småinteressert i fotball er eg kanskje partisk, men eg meiner dramaet her er fenomenalt treffande utan at ein treng bry seg om Leeds United.

 

På midten av 70-talet mista Leeds trenaren dei hadde gjort stor suksess med til det engelske landslaget. For å erstatte han henta dei inn den relativt unge og oppstormande trenaren Brian Clough, her glimrande portrettert av Michael Sheen. Clough var kjend for å vere kritisk til Leeds sin spelestil, og har veldig særeigne idear om korleis oppnå store ting med sitt nye lag. Ikkje so rart då at han fort kjem i konflikt med spelarane i klubben.

 

Men The Damned United er ikkje ein feel-good sportsfilm der begge sider innser sine feil og vinnarmålet blir scora i siste liten. I staden er den ei utforsking av Clough sin staheit og antagonisme, mot Leeds og deira tidlegare trenar. Clough gjekk vidare til å gjere fantastiske ting som trenar etter det katastrofale opphaldet i Leeds, men filmen visar fyrst å fremst korleis og kvifor ting gjekk so gale under dei lagnadstunge 44 dagane han var ved Elland Road.

  • Kristian Kvamsøe