Meny Lukk

“Arctic” – Enkel forteljing om overleving

[usr 4]

Stranda i Arktis skulda av ei flyulukke, forsøk pilot Overgård (Mads Mikkelsen) å overleve igjennom faste rutinar og rein viljestyrke. Kor lenge han kjem til å overlev aleine er usikkert, og kor lenge han har kjempa for å leve så langt er vagt, men han held på håpet for godt eller vondt. På eit berg, ikkje langt får det styrta flyet hans sit han i timevis og forsøk å få kontakt med flytrafikk. Ein dag, etter mange månadar kjem endeleg eit helikopter, men sjølvsagt så endar det med eit til havari, der han no endar opp med ansvaret over eit meir enn sitt eiget liv. No innser han at det litle vraket av eit fly han kallar heim, ikkje kan vere det permanent. Saman med ei japansk helikopterpilot trassar Overgård naturen igjennom ei ferd mot sivilisasjonen.

Den forblåste, snøkledde verda som Overgård lev i er kompetent framstilt, igjennom vakre og storslagne naturbilete av typen du ser i ein «Planet Earth» dokumentar. Igjennom filmen er tematikken ‘mann mot natur’ framståande, og hovudkonflikten er nettopp påverknaden av naturens krefter på menneskja. Mange av bileta er derfor basert rundt denne overveldande naturen som sakte men sikkert tek livet av karakterane. Om det er i form av frostbit eller mangel på krefter, er det tydeleg at naturen er i ferd med å vinne.

Det er ein kompetent og grundig framstilling som aldri verkar tonalt upassande. Saman med musikken som til dels minner om eit Hans Zimmer verk, får filmen ein realistisk og eit smått tragisk utsjånad.

Mads Mikkelsen er på ein måte heile filmen. Han sit som ein bærebjelke igjennom filmen som held oppe alt på sin underspela prestasjon som ein barsk overlever. Sjølv om mykje av filmen er visuell, er hans prestasjonar likevel det som står mest ut igjennom handlingsforløpet. Det einaste med filmen er synest var litt merkeleg, var måten monologane hans var på engelsk nokre gongar, men dansk andre gongar. Likevel var det enkelt å sjå føre seg at Mikkelsen er Overgård, heile prestasjonen hans var kraftig og overtydande.

I botn er det ein enkel forteljing av mann mot natur, men potensialet til noko enkelt er alltid høgt. «Less is more» gjeld for denne filmen. Med god visuell narrasjon har du alltid ein god ide om kva som skjer i ein film med veldig avgrensa dialog. 

Arctic – regissert av Joe Penna; skrevet av Joe Penna Ryan og Morrison med; Mads Mikkelsen og Maria Thelma Smaradotti. Spilletid: 1t 37m Land: Island. Premiere: 01.02.19. Aldersgrense: 12 år.

Relaterte innlegg