Meny Lukk

Bergen internasjonale filmfestival – Dag 6

Det er årets siste dag på BIFF for Joans Mæland og han har tatt med seg to høgdepunkt. Lebouf sin Honey Boy og gullbjørnvinnar Synonyms. Dette er også tilfeldigvis to av de samme filmene som Ingrid anbefalte fra sine to første dager på festivalen. Så ikke si at vi ikke er gode på sirkelfortellinger her i Jump Cut. Men er Jonas like imponert av disse filmene som henne?


Jonas sine høydepunkt:

Honey Boy, regi av Alma Har’el (manus av Shia LaBeouf).

Ingrid dekka denne filmen tidlegare og ho resonnerte med filmen meir enn meg. Likevel må eg gje filmen skryt for sin svært ærlege måte av LaBeouf å fortelje om sine problem på. LaBeouf går rett i strupen på hans eigen far og oppvekst utan å legge skjul på noko. I etterkant av å sjå filmen har og enda opp med å reflektere på mi eiga oppvekst (heldigvis ikkje noko som kan måle seg med den traumatiske barndomen hovudkarakteren opplev). Så for å fortelje litt om kva filmen er, den fungerer som eit memoar der LaBeouf har skapa ein alternativ versjon av seg sjølv, Otis (Noah Jupe), som er ein barneskodespelar. Far hans (LaBeouf) fungerer meir som ein tilsett enn far hans, og igjennom å bu med han går Otis igjennom mykje emosjonelt stress samt noko barnevald. Presentasjonen til filmen er og som eit memoar, eller eit minne, med merkelege og svinsete bilete. Skodespelarprestasjonane er ganske fantastiske eigentleg, spesielt Lucas Hedges som Otis i tjueårs-alderen og Shia LaBeouf som sin eigen far. Eg slit likevel med å gje denne filmen full poengsum, av grunnar eg ikkje heilt kan setje fingeren på. Det er ein flott karakterdreven film med nokre veldig bra prestasjonar som forhåpentlegvis har gitt LaBeouf noko sjelefred.

Synonyms, regi av Nadav Lapid.

Trur du sjeldan finn ein film som splittar publikum like sterkt som denne. ‘Filmkjennarar’ lik den, vil eg sei med sikkerheit ettersom den vann Gullbjørnen på Berlin Internasjonale filmfestival, men det ‘vanlege’ publikum er ikkje like store tilhengjarar. Ein av hovudkritikkane eg har sett for filmen er at den er pretensiøs, har ein hovudkarakter som tek merkelege eller idiotiske avgjerder, samt at den er keisam. Og eg kan forstå all denne kritikken. Rett etter eg såg den, likte eg den ikkje. Likevel er det noko tiltalande med ein film som er sentrert rundt ein mann som dette. Yoav (Tom Mercier) tek ut frustrasjonen sin på den israelske staten med først å reise til Frankrike og så via eksklusivt prate fransk. Hebraisk nektar han å nytte. Han er sinnsjuk, mest sannsynleg til dels på grunn av hans tenestetid i den israelske hæren. Etter kleda hans vart stelt, legg han seg naken i badekaret i leilegheita si for å døy, men vart redda av eit ungt par. Dei vart vennene hans, og finn han interessant. Emile (Quentin Dolmaire) er ein forfattar som lev eit veldig liv av prakt og privileger på grunn av sin rike far. Yoav har mange historier som fenger Emile, og Emile vil skrive om Yoav. Han gjer vekk livshistoria si til desse menneskja som ikkje eigentleg bryr seg om kven han er. Integrasjonen til Yoav inn i det franske samfunnet går sjølvsagt ikkje bra, og filmen er kritisk til det franske integrasjonssystemet. Yoav vil aldri passe inn her, men han nektar likevel gje opp sitt halvhjarta forsøk. Filmen er ikkje utan kritikk, det er heile sekvensar som er uforklarlege, som Yoavs interaksjonar med eit israelsk sikkerheitsbyrå. Om det er verkeleg eller ikkje er sjeldan forklart. Til tross for dette er det ein reell og viktig forteljing her, om innvandring og integrasjon, krigarkulturar i den moderne verda, og klasseskilje i ein moderne setjing. Verd å sjå viss ein vil bli litt utfordra av ein film.


Trailere:

Relaterte innlegg