Meny Lukk

“Bien Maja og Det Gylne Egget” – ein distraksjon for dei minste


Biene Maja og Willy er to bestevennar som ofte finn på ting dei andre biene i kuben ikkje nødvendigvis sett enorm pris på. Då eventyrlysta deira ein morgon fører til at kuben sin solstein blir øydelagd begynner dronningbia å vurdere om desse vennane kanskje bør separerast for kuben sitt beste. For å unngå å bli separert frå bestevennen sin, må Maja og Willy gjere noko stort for å overtale dronninga om at dei kan fungere i lag. Sjansen byr seg då dei møter ein maur med eit oppdrag om å levere eit gyllent egg til toppen av Bonsai-fjellet. Dei små biene bestemmer seg for å hjelpe den stakkarslege mauren og legg ut på ei lang reise med mange hindringar og nyttige lærdommar for dei begge.

Ein merkar fort at dette er ein film som er appellerer til dei minste og ikkje resten av familien. Mykje fargar og song er sikkert ein fryd for dei mindre å oppleve, men kan bli riktig slitsamt i lengda for resten. Diverre er heller ikkje historia ei hjelp når det kjem til å halde på merksemda mi, og det fører til at filmen kjennes betydeleg mykje lengre enn sine 88 minutt.

Ein ting filmen stiller rimeleg sterkt på derimot er animasjonen. Sjølv om den ikkje er frå øvste hylle er den framleis langt over nivået eg forventa då eg gjekk inn i kinosalen, og eg tok meg sjølv i å setje pris på den fleire gongar gjennom filmen.

Som eg nemnde før, er dette ein film for dei minste. Filmen er veldig bevisst på dette og slengjer inn eit par moralske lærdommar her og der, som for så vidt er ein fin ting. Bien Maja og Det Gylne Egget er neppe noko eg hadde sett meg ned for å sjå igjen, så eg tør derfor ikkje anbefale dette som ein film ein ser for si eiga underhaldning, men meir noko ein set på for å distrahere born eller småsøsken i omtrent ein og ein halv time.

Maya The Bee 3: The Golden Orb - Regi av Noel Cleary. Spilletid: 1t 28m. Land: Australia/Tyskland. Norgespremiere: 12.02.2021 Norske stemmer: Siri Nilsen, Sindre Seip, Scott Maurstad, Fredrik Paasche. Aldersgrense: Tillatt for alle.

Relaterte innlegg