Meny Lukk

Kategori: Anmeldelser

“Ting vi sier. Ting vi gjør” – Ein veldig fransk film

Den eine engelske tittelen, Love Affair(s), passar i grunnen filmen mykje betre. Den summerar kva filmen si kjerne eigentleg er. Romantiske eskapadar i form av utroskap har aldri vorte framstilt i eit meir positivt ljos, galne franskmenn as. Raskt summert, Maxime vitjar syskenbarnet sitt, François, i fransk vinland. Når Maxime kjem dit vart han engasjert i ein djup kjenseleg samtale med kona til François medan han er vekke på eit jobboppdrag i Paris.