Meny Lukk

Creed II – Etterfølgjaren følg i seriens fotspor

Satt 30 år etter «Rocky 4», følg etterfølgjaren til spin-off filmen «Creed» (2015) igjen Adonis Johnson Creed (Michael B. Jordan) og Rocky Balboa (Sylvester Stallone) i ferda mot toppen av bokseverda. No kjem den russiske giganten Ivan Drago (Dolph Lundgren) tilbake, som trenaren for sonen sin, Viktor Drago (Florian Munteanu). Viktor utfordrar Adonis til boksekampen som enten vil knuse, eller eviggjere karrieren til Adonis.

Samanlikningane mellom handlinga i dei tidlegare filmane og denne vart satt på spissen. Det er mange parallellar mellom dei ulike hovudkarakterane. Parallellar som korleis det er to gamle legender som trenar etterfølgjarane deira opp til å verte verdens-meistrar, eller korleis kampen mellom Creed/Drago har allereie skjedd (og det enda i tragedie). Viktor, på same måte som Adonis, går igjennom denne symbolske omkampen, som ein personifisering av sin far og Russland.
Adonis vart og satt i ein merkeleg situasjon, sidan det var jo Drago som drap far hans i ringen. Heile kampen kan sjåast som ein slags sjanse for han og enten velje same stien som fekk han her, eller endre seg til noko anna.

Noko som vart meir fokusert på er forhaldet mellom Adonis og Rocky. Tidleg i filmen har dei to ein krangel som ledar til å splitte venskapet deira. Dette er på mange måtar ei historie om Adonis og hans forhald til seg sjølv og sine kjære, men det vart tidleg klart at deira forhald er i fokus. Samhaldet mellom skodespelarane kjennest like knitrande, og det verkar som dei to har ein verkeleg tilknyting. Valet av filmskaparane å setje dei to opp mot kvarandre er ikkje den mest kreative måten å skape konflikt, men det er likevel utruleg effektivt.

For å fortsetje temaet om å velje sin eigen sti, hamnar Adonis i same situasjon som sin far. Han må velje å bokse, og kanskje døy, eller å gi seg og aldri ende opp med eit verkeleg ettermæle. Adonis vart og ein far i løpet av filmen, som berre bidrar til å bere parallellen vidare. Bianca (Tessa Thompson) og Adonis fortsetjer som i førre film, saman i eit til tider turbulent forhald.

Koreografien og kampscenene er skambra, kanskje enno betre enn i «Creed». Michael B. Jordan er strålande i rolla som Adonis, og alle dei andre hovudrollene har bevisande prestasjonar. Lundgren er mindre skummel som Ivan her då, men han lev godt i rolla som ein mann som lengtar etter sin tidlegare suksess. Underspeling på høgt nivå av Stallone, får han til å nesten ikkje verke som eit karikatur av seg sjølve.

Utsjånaden beheld den verkelege og realistiske tona den førre filmen har. Det er mange flott gjorte montasjesekvensar (typisk), spesielt ei imot slutten der det vart kryssklippa mellom Viktor og Adonis som gjer seg klar for den store kampen. Lengdene dei to utøvarane går til for å ha den beste vinnarsjansen vart klart vist i sekvensen.

Som den første «Creed»-filmen er denne og veldig lang, og den kjennest enno lengre enn den er. Hovudproblemet mitt med filmen er at den har problem med å ha eit satt tempo. Den opnar veldig sterkt, men etter dei første 60 minutta er det nesten ein time lang del som utforskar Adonis forhald med sine næraste. Det er ikkje nødvendigvis ein dårleg film på grunn av dette, men mykje av spenninga verkar nesten som den vart bortgløymt.

Elles er det kraftige oppbankingar som du kjenner igjennom lerretet, og genuint rørande augeblikk når Adonis byrjar å innsjå kor mykje han allereie har klart heilt på eigen hand- utan farens namn.

Creed II - regi av Steven Caple Jr.; skrevet av Sylvester Stallone og Juel Taylor; 
med: Michael B. Jordan, Dolph Lundgren, Tessa Thompson, Sylvester Stallone; Lengde: 2t 10m. Land: USA. Premiere: 07.12.18

Relaterte innlegg