Meny Lukk

Cutterhead – Kosmorama 2019

Kor mykje verdset du oksygen?

‘Cutterhead’ (2018) handlar om ein reportar som lagar portrettintervju av arbeidarane som er med å konstruere København sin undergrunn. Alt verkar rutine, og ho vart kjend med to menn som jobbar med å undersøkje drillen for feil. Medan dei to reparer ein feil på det eine drillhovudet, går brannalarmen nede i tunellen. Rie (Christine Sønderris) vert dermed skoven inn i eit trykkammer, der ho saman med dei to mennene må forsøke og overleve brannen.

Presentasjonen er enormt bra gjort, spesielt to aspekter av den. Det er fleire lange klipp av diverse industrimaskineri som gjev skikkeleg inntrykk. Elles er det mange klaustrofobiske sekvenser medan Rie, Ivo (Kresimir Miric) og Bharan (Samson Semere) forsøkjer å kome seg vidare ut frå tanken, tilbake til overflata.

Alle tre hovudrollene gjer ein skikkeleg bra jobb, spesielt Sønderris, i sitt portrett av ein person som hamnar på feil plass, på feil tid.

Du kan få med deg Cutterhead Onsdag 22.00, Fredag 20:00, Lørdag 18:00 på Prinsen Kino i løpet av Kosmorama-filmfestival.

Relaterte innlegg