Meny Lukk

“Deerskin” – Skinnjakker er dødstøffe

[usr=5]

Det vert vanskeleg å finne ein film som er meir skreddarsydd til min personlege filmsmak. Fransk metafiksjonell «off-beat» seriemordarfilm om ein sosialt tilbakeståande kar som likar skinnklede, og filmar film med eit videokassettkamera. Eg treng nok ikkje seie meir, men her kjem ei kort oppsummering av handlinga likevel:

Ein mørk komedie, «Deerskin» sentrerer rundt vår hovudfigur Georges (Jean Dujardin) si midtlivskrise. Krisa førar han inn på ei ferd for sjølvopplysing. Etter at Georges nyttar alle pengane sine på ei jakke reiser han til ei lita bygd i dei franske alpene. Der vil han prøve seg som filmskapar, og han tek til seg ei vidare interesse i klede av hjorteskinn. Det fyrste plagget han kjøper, ei veldig kul skinnjakke, startar etter kvart og prate med han. Nærmast som ei sjølvfølge endar dette med at han går på korstog imot alle andre jakker, og for å oppnå jakkeherredøme vel han å myrde alle som er ikledd jakker. Alt dette skjer medan Georges filmar det med videoopptakaren. Med hjelp av den nye venninna hans Denise (Adele Haeel) skal han få det klyppa saman til eit fantastisk filmverk.

Eigentleg er handlinga nok for å skjønne kvifor filmen er verd å sjå. «Deerskin» er eit slik sjeldan tilfelle der forteljinga er såpass underhaldande at eg ikkje kjenner behov for å fokusere for sterkt på filmelementa. Den nok så “speisa” humoren filmen leverer treff godt nok til at eg er villig til å forsvara filmen til siste andedrag.

Deerskin – Regissert og skriven av Quentin Dupieux; med Jean Dujardin og Adele Haenel. Spilletid: 1t 17m. Land: Frankrike. Går på Kosmorama Filmfestival

Relaterte innlegg