Meny Lukk

“Detektivbyrå nr.2 – Operasjon Mørkemann” – Sadistisk barneunderhaldning

Over natta blir det danna ei rekke mystiske hol på fantesletta. Når Oliver er ute og syklar den neste morgonen øydelegg han sykkelen sin på eit av desse og saman med Tiril bestemmer han seg for å løyse dette mysteriet. Rundt hòla finn dei fleire fotspor, nokre mystiske blomster og ein inskripsjon ingen av dei greier å tyde. Fest setebeltet og gjer deg klar for ein kjedeleg og elles ganske dårleg laga film som tydeleg har store forhåpningar om å tene stort på attkjenningsverdi.

No har eg ikkje noko særleg kjennskap med serien som traileren kallar “Norges mest populære barnebøker”, og eg kjem derfor til å sjå på filmen som eit enkeltståande produkt. Eg er heller ikkje ein del av målgruppa til filmen, men i dette tilfellet tvilar eg på at dette betyr noko som helst. Frå første sekund slit filmen med å bestemme seg for kva målgruppe den vil treffe. Hovudpersonane er ganske unge og mykje av filmen verkar til å appellere til barn i barneskulealderen, men plutseleg trekk filmen inn den latinske argumenttypen “Post hoc ergo propter hoc”. Kva ungar synest det er morosamt? Eg er faktisk litt usikker på om dei fleste vaksne i det heile tatt veit kva denne frasa betyr. Filmen er fulle av slike augneblikk der avanserte ting som eg sikkert ville lære eller i det minste ønska å forstå når eg var på denne alderen blir passert forbi utan forklaring. Eg køddar ikkje, ei utveksling er: “Veit dykk kva ei forsikring er?” “Ja” “Okei då, fint”. Eg lurer på kor mange ungar som svarte nei på det spørsmålet inne i hovudet sitt og no berre må leve resten av liva sine i uvitenheit.

På toppen av dette er handlinga på kanten til morbid. Hovudfokuset i mysteriet er lenge ein fante som hang seg sjølv på slutten av 1800-tallet. Det går ann å forstår at filmskaparane ville lage ei litt skummel historie som kunne sette ut fri unge sjåarane, men forventar dei verkeleg at barn kjem til å forstå konsept som sjølvmord? Også handlar filmen om fanteproblematikken. Kva er dette? Film frå 1920-tallet. Tydelegvis, fordi fantane visar seg å berre vere ein haug med ureine tjuvar som vil ta sin hemn på resten av samfunnet. Ærleg talt, kven satt seg ned å tenkte at dette var historia vi ville fortelje til ungar.

Også er det klippinga som kjem på toppen av dette då. Eg trur det er første gongen eg har sitte i ein kinosal og blitt fysisk uvel av korleis ein film er klipt. Nokre, eller kanskje til og med dei fleste, av scenene kan taklast fordi tempoet ikkje er så rakst. Men med ein gong ein kjem til ei actionscene der rytmen tek seg opp går alt i vasken. Du får nye umotiverte klipp kvart femte sekund, kameraet panorerer fram og tilbake utan motivasjon eller kontinuitet og vi får ein rekke med tilfeldige zooms på alt mogleg. Sånn seriøst: “Hei, vil du sjå nasa til denne hunden? Nei? Okei, la meg berre zoome inn på den kjemperaskt før eg klippar vidare til neste bilete.” Denne tilfeldige zoominga blir servert i tider og utider, både når den kan passe og ikkje passe avhengig av når postproduksjonsteamet kjeda seg litt på klipperommet. Eg håpar også at du liker å høyre det same mystiske musikkstykket om att og om att, fordi du får dessverre ikkje så mykje meir.

På toppen av alt dette serverer filmen ei rekke dårlege skodespelarar som på ein eller annan måte har greidd å opparbeide seg ein status som C-, D- eller E-kjendisar dei siste åra. Alle desse byr på usedvanleg horrible prestasjonar i denne filmen. Eg veit ikkje kva meir eg kan seie om dette eigentleg. Det blir fort litt trist å sjå på.

Der er nokre, om få, positive kvalitetar i filmen. Nokre av spenningssekvensane presterer tidvis å vere skumle og der er eit par bilete som utforskar nokre kule visuelle idear ved hjelp av vindauge og speil. Kvinnesynet til filmen kan òg merkast. Dette først og fremst fordi ein i ei scene der ungane vandrar inn på eit filmsett møter ein kvinneleg regissør. Eg trur filmen her prøver å komme med ein kommentar til nylege usemjer i det norske filmmiljøet. Men igjen har eg ikkje peiling på korleis den gjennomsnittlege kinogåar, eller ungane filmen appellerer til, skal forstå noko av dette, men det å inkludere ein kvinneleg regissør kan vere med på å bygge eit bilete av ein bransje som ikkje berre er for menn for den yngre generasjon som går og ser denne filmen. Men i likskap med ei øydelagt klokke treff filmen berre rett to gongar og problema den har er mykje større og overberande enn dei små tinga den greier å gjere riktig.

Det er eit velkjent faktum at den norske kritikaren ikkje er ein stor tilhengar av barnefilm. Det er heller ikkje uvanleg å høyre folk diskutere korleis desse kritikarane ikkje greier å sjå filmen frå barna si side. Men tru meg når eg seier at uansett kven sitt synspunkt du ser denne filmen i frå kjem den ikkje til å vere ein god eller underhaldande film. For barn er handlinga alt for morbid og merkeleg for at den skal vere interessant. Og detektivmetodane vert aldri utdjupa nok til at dette aspektet skal vere engasjerande. Frå eit vaksenperspektiv har filmen derimot ingenting å gi anna enn referansar til komplekse problematikkar som filmen ikkje gjer noko særleg med anna enn å nemne dei i forbifarten. Og veit du kva det verste av alt er? At sidan dette allereie er ein etablert serie kjem ein eller annan stakkar sikkert til å sitte her om eit års tid og lide seg gjennom endå ein slik film. Eg håpar verkeleg at denne personen har gjort noko skikkeleg gale i livet sitt som gjer at dei fortener dette, fordi der er ganske få menneskje eg unner å sjå  denne filmen.

Detektivbyrå Nr.2 - Operasjon Mørkemann - Regissert av Grethe Bøe, skrevet av Grethe Bøe, bassert på bøkene til Jørn Lier Horst ; Med: Emma Kilane, Thomas Farestveit, Finn Schau, Eldar Vågan. Lengde: 1 t 22 min. Nasjonalitet: Norge. Premiere: 23.03.2018

 

Relaterte innlegg