Meny Lukk

“Dora og den gyldne byen” – Mykje moro om ein slår av hjernen

[usr=3.5]

Dora [Isabela Moner] er ein psykisk forstyrra tenåring. Av sine foreldre vart ho inspirert til å vere ein utforskar og oppdagar i same tråd som Indiana Jones. Etter ho finn eit kart til den gylne byen Parapata vert ho sendt til Los Angeles. Hennar mor [Eva Longoria] og far [Michael Peña] skal på jakt etter byen. Dei unnskuldar, på moro vis, å sende ho vekk til å bu med familie i L.A. med at ho er sosialt inept. Noko ho bevisar at stemmer umiddelbart.

Når ho kjem til L.A. vart denne filmen om Dora realisert. Utforskaren Dora er høgdepunktet i filmen. Noko som passar bra, sidan ho òg er tittelkarakteren. Isabela Moner gjer ein fantastisk jobb med å spele ein ‘real-life’-teikneseriefigur. Filmen basserar mykje av humoren (i alle fall humoren som verkar) på at ho er ein “karakter”, og ikkje ein verkeleg person. Viss ho hadde vore ein faktisk person, må du opne døra for at Dora har tvangslidingar og er ein bokstaveleg psykopat. I det minste ein sosiopat. Viss heile filmen hadde vore Dora plassert i det “verkelege” liv slik som ho vart i filmens første 30 minutt kunne dei verkeleg skapa noko hysterisk moro. Diverre er ho ikkje berre Dora, men og ‘the explorer’.

Filmens andre og tredje akt er ikkje like morosame som opninga. Det er enno ein ok-til-god eventyrfilm for barn her. Mykje av humoren er derfor utåleleg barnsleg, men ikkje nødvendigvis dårleg. Igjen er det Dora som reddar showet. Absurditeten til karakteren hennar har tilsynelatande ingen grenser. Ein må lide med birollene i større grad i akt to og tre. Ingen av dei nokså underutvikla karakterane er særleg moro eller interessante, men dei fungerer som kjærleiksinteresser for kvarandre og Dora sjølv. Eg må seie at eg lika og Eugenio Derbez sin karakter, Alejandro, ein professor og venn av Doras foreldre som bestemm seg for å redde dei.

Filmens presentasjon funkar òg. Set-designet er veldig bra, og bileta er fargerike og flate; som ein tv-produksjon. Er ikkje noko spektakulært, mykje verkar som det er klipp frå Indiana Jones: and the Kingdom of the Crystal Skull berre med betre dataanimering. Er ikkje noko kinematografisk å sjå djupt på, men er ikkje ein stygg film heller. Ei kort scene er animert i same stilen som barneserien, og er mitt favorittaugeblikk i heile filmen.

Dette er ein ufatteleg teit film. Komikken er enten så absurd at det vart morosamt, eller smertefullt dårleg fordi det vart drege ut. Spesielt Peña og Longorias karakterar er skuldige i dette. Det er ikkje noko særleg med denne filmen som eg tilsynelatande burde like. Heldigvis er hovudkarakteren ufatteleg moro i dei fleste situasjonane ho vert satt opp i. Benicio del Toro har og ei mindre rolle som han meistrar totalt. Er anbefalt titting viss ein vil nyte halvannan time med hjernen avslått i ein kinosal, eller har sysken/barn som fell innanfor filmens eigentlege målgruppe på 6-13 år.

Dora and the Lost City of Gold – regissert av James Bobin; med Isabela Moner, Michael Peña, Eva Longoria, Eugenio Derbez. Spilletid: 1t 42m. Land: USA. Premiere: 20.09.19. Aldersgrense: 6 år.

 

Relaterte innlegg