Meny Lukk

Everything, Everything – Alt du skulle ynskje du visste om SCID… Men var alltid redd for å spør om

Everything, Everything er eit romantisk drama basert på ei relativt populær bok av Nicola Yoon, i den laust definerte «young adult»-sjangeren. I botn ligg den velkjende historia om ei ung jente som møter ein gut, forelsking oppstår, men minst ein av dei har eit definerande trekk som gjer det vanskeleg for dei å vere i lag. I dette tilfellet er me i The Fault in our Stars-territorium, då hovudpersonen vår, Maddy, har ein alvorleg sjukdom. Ho lir av noko kalla SCID, ein immunsjukdom som gjer at ho ikkje kan forlate huset – ho praktisk talt ei «bubble-girl». Mora, som òg er legen hennar, har gjort so godt ho kan for å få Maddy til å føla seg som ein del av verda. Store veggvindauge gjev utsikt til hagen og nabolaget, ho har tilgang på internett, og verkar å ha fått bra heimeskulering. Men, sjølvsagt, ting endrar seg snart når ein kjekk gut flyttar inn i nabohuset…

 

Det er ikkje naudsynt å gå plottet vidare i saumane noko særleg. Lite skjer som ikkje kan lesast i auga på ungdommane når dei møtest. Dette er ei forteljing om dei grensesprengande kjenslene berre tenåringskjærleik kan mane fram – i alle fall på film. Om ein er fan av boka eller sjangeren i seg sjølv finst det lite grunn til å bli skuffa her. Filmen ser bra ut. Den er lys- og fargesterk, med ekstra omhug lagt i naturfotografiet, samt i portretteringa av Maddy. Ein del peng verkar òg å vere lagt i musikkrettigheitene, då ei sæl blanding av ørlite oppbrukt indie-gitarklimpring og grannsamt tidsriktig popmusikk ferjar oss behageleg frå scene til scene. Men over alt anna i filmen må rolleprestasjonen til Amandla (sic.) Stenberg haldast fram litt. Meir enn noko anna er det ho som skapar liv i filmen,  med ein glød som ein ikkje skulle tru nokon med ei slik livstrugande sjukdom kunne ha. Stenberg gjer Maddy til ein karakter ein sporenstreks ynskjer alt godt for.

 

Alt i alt er Everything, Everything ei heilt grei oppleving. Den fylgjar ein tried-and-true formel som kjenneteiknar sjangeren, so om det er di greie får du det du vil ha. Som ein emosjonell GPS guidar Maddy oss gjennom filmen via voice-over. Den eine større plottvisten blir telegrafert i forvegen sopass tidleg at det største potensialet for spenning forsvinn tidleg. Om ein er ute etter noko som utfordrar litt, noko med litt nyanserte intriger, bør ein leite ein annan plass. Om det ein vil ha er noko som kriblar litt i feelgood-nervene er dette midt i blinken.

Everything, Everything - Regissert av Stella Meghi, Skrevet av J. Mills Goodloe; med Amandla Stenberg, Nick Robinson, Ana de la Reguera, Anika Noni Rose. Nasjonalitet: USA. Lengde: 1 t 36 min . Premiere: 02.06.17.

Relaterte innlegg