Meny Lukk

“Girl” – Eit individs kamp

Her har du ein historie om transseksualitet som, i staden på å fokusere på samfunnet rundt enkeltpersonane og kvifor dei heller vil leke med dokker enn leikebilar, fokuserer på det djupt intime og personlege. Filmen har fått mykje ros, spesielt hovudrolleinnehavar Victor Polster. For rolla vann han blant anna den eine tittelen for beste skodespelarprestasjon i Cannes Internasjonale Filmfestival.

Lara (Victor Polster) er ei jente som endeleg får sjansen sin til å verte ei ballerina, og har opptak på ein av dei største danseskulane i Belgia. Ho strevar derfor med å balansere både den svært personlege endringsfasen ho held på å gå igjennom og den knallharde treninga for å bli ein god ballerina. Her få du servert ein konflikt som er i fokus, der hovudkarakteren helst ikkje vil akseptere det som skjer. Denne konflikten vert trappa opp i løpet av filmen. Igjennom alle situasjonane Lara kjem i prøvar ho både å kunne fortsetje på vegen til ei kjønnsendring og livet som ballerina. Denne private kampen vert symbolisert igjennom føtene hennar, som er i stadig degresjon.

Faren hennar, Matias (Arieh Worthalter), støttar henne igjennom alt, og bandet mellom far og dotter har ein verkeleg substans. Forholdet deira er ein av dei mest realistiske og kjenslerike tilknytingane som har vært i ein film. Dette varme forholdet, er filmens hjarte. Lara kjem til slutt til å måtte ta eit val, og uansett kva støttar faren hennar ho igjennom det.

Dialogen i filmen er interessant. Ettersom filmen er satt i Belgia, skiftar det stadig mellom Nederlandsk, Fransk, og det eg trur var Flamsk. Det kan være litt merkeleg å sjå på ein film der karakterane snakkar til kvarandre på ulike språk, men etter ei tilvenningstid legg du ikkje lenger merke til det.

Produksjonen er òg veldig solid. Viss du ser vekk ifrå handlinga, som er det openberre fokuset i filmen, er det ingenting å kritisere. Lyssetjinga og kinematografien elles er veldig bra gjort, det er berre ikkje noko banebrytande. Effekten av at alt verkar utruleg realistisk skin derfor igjennom heile speletida til filmen.

Her får du ein film som tek eit godt innblikk i psyken til ein enkeltperson som strever med noko som nesten ingen andre gjer. Igjennom karakteren si endringsboge får du eit innblikk i lengdene nokre personar er villige å gå for å bli dei som dei er. Alle scenene er spelt med stor overtyding.

Filmen er eit utruleg kraftig karakterstudium, med to valdsamt bra prestasjonar.

Girl - regissert av Lucas Dhont; skrevet av Lucas Dhont, Angelo Tjissens; med Victor Polster, Arieh Worthalter. 
Lengde: 1 t. 45 min. Land: Nederland, Belgia. Aldersgrense: 12 år. Premiere: 02.11.18

Relaterte innlegg