Meny Lukk

“Grinchen” (The Grinch) – Kjem nok ikkje til å stjele Jula

Velkommen til den snøkledde bygda, Venvik. I byen er alle menneskja venlege og tek vare på kvarandre, med eit unntak. Litt utanfor byen, på veg opp eit fjell, bur Grinchen i hula si, og han er ikkje venleg.

Som alle ‘Illumination’ filmar er presentasjonen veldig plettfri og andelaus. Det vart for fint for ein Dr. Seuss historie. Til tider kjem det glipp av originalitet, men det meste vart drukna ut av den pynta stilen animasjonsfirmaet er kjend for. Likevel, snøen som gjer opp ein tidel av filmen ser veldig bra ut i alle fall.

Filmen fokuserer for lite på å utvikle karakterane, slik at du sit igjen utan å kjenne at Grinchen eigentleg endra seg i løpet av filmen. Kinoopplevinga vart til dels keisam, med nokre morosame augeblikk. Etter tretti minutt har gått har enno ikkje historia starta. Det er framleis fleire karakterar og introdusere samt, og dette vart eit problem for tempoet. Spesielt vart dette problematisk når dei kjem med nye karakterar som er viktige for historia forbi tretti minutt.

Hovudproblemet med filmen ligg i at Grinchen ikkje eigentleg nokon gong er slem, i staden for å ha ein faktisk vond karakter, har dei blanda ut personlegdommen hans. Å lage ein ny Grinch film verkar nesten unødvendig, og denne versjonen beviser at det aldri var eit behov for ei gjenskaping. Det er og samfunnskritikk innblanda, om korleis Juletida fører til overflod, og å gi gåver til kvarandre er berre ein stor unødvendigheit. Men dette hadde ingen konklusjon, det vart berre ein del av alt som skjedde. Ingenting vart oppnådd av denne filmen, som ikkje vart oppnådd av «The Grinch who stole Christmas» (2000).

Personleg var mitt hovudproblem med den norske dubben, som er fryktar er underlegen den originale amerikanske versjonen. Det skal godt til å seie at Kåre Conradi er ein like god stemmeskodespelar som Benedict Cumberbatch. Dei andre stemmene verka lite inspirerte. Å gå frå norsk dialog til ‘Tyler, The Creators’ versjon av «You’re a mean one, Mr. Grinch» er polariserande, og passa dårleg for filmens stemning.

Poenget med filmen svinn vekk litt mot slutten, og sidan det er jo tross alt ein barnefilm må det jo vere ein lykkeleg slutt, men den slutten kjendest ufortent. Grinchen var aldri eigentleg endra, han var jo snill heile vegen. Likevel er filmen ein god introduksjon for verka til Dr. Suess for den nye generasjonen som er vant med Minions og Elsa. Til tross for kritikken er det ein grei film visst du er 8 år og elskar minions, men på ein time og tjue minutt kjendest det som dei kunne har lagd til litt meir tid og verkeleg gjort noko originalt med karakterane og animeringa. Som «Sing» kjem nok berre filmen til å vere ein av ‘Illuminations’ bibliotek av middelmåls filmskaping for barn.

Grinchen - regissert av Scott Mosier, Peter Candeland; skrevet av Ken Daurio, Michael LeSieur; med Benedict Cumberbatch; Norske stemmer: Kåre Conradi, Marie Molvær, Ingeborg Sundrehagen Raustøl,
Lengde: 1 t. 30 min. Land: USA. Aldersgrense: Tillat for alle. Premiere: 09.11.18

Relaterte innlegg