Meny Lukk

Intervju med Erik Poppe – Torsdag 22/9/16

Erik Poppe er ein av Noregs mest kjente filmregissører. Han står bak filmene Schpaaa, Hawaii, Oslo og deUSYNLIGE, som utgjer hans Oslo-trilogi, og Tusen ganger god natt. Forrige helg kom hans siste prosjekt, Kongens Nei, ut til kjempekritikker (vår anmelding kan lesast her) og svært gode publikumstal. Medan han var på premieretur til Trondheim var han so grei at han tok seg tid til å ha ein liten samtale med oss. Det var ein særs hyggeleg affære og eit utdrag av samtalen er her under gjort om til tekst, fritt oversatt til nynorsk.

 

Filmen din har fått god mottaking av norsk presse, korleis følast det?
– Det følast bra. Det er bra for filmen. Men det er min sjølvkritikk som er tøffast. I tillegg har no tilbakeslaga kome. Det er alltid nokon som må slå tilbake når det blir for mykje ros. Men den siste veka med visningar har vore fantastisk. Siste utgåve av filmen vart ikkje ferdig før tysdag denne veka. No er det interessant å sjå kva filmen vil gjere med folk, og korleis historikarane tek den imot.
Var dette med historisk nøyaktighet noko som vart lagt mykje arbeid i?
– Ja. Eg valde tidleg å smalne inn historia, og fylgje nokon karakterar veldig tett. Noko av fokuset ende då på Kongen og den tyske ambassadøren. For å finna ut nok informasjon om det som skjedde, las me mellom 13 og 17 tusen sider. Biografiar, faghistoriske skildringar, artiklar, dagbøker, osb.
Var detta ei godt dokumentert hending i si tid?
– Ikkje so godt som me hadde venta. Historikarane var ueinige sjølv imellom om vesentlege ting. Eit breiare kjeldesøk var difor nødvendig. Me ville fiksjonalisera so lite som mogleg, men samtidig laga det underhaldande.
Trengs det ein viss mengde historiekunnskap for å få med seg alt i filmen?
– Tanken var ikkje det. Eg var ikkje spesielt opptatt av historiske filmar før eg vart med på dette prosjektet. Spesielt ikkje vore fan av andre-verdskrigfilmar. Eg ynskja å bruke ein litt annan innsynsvinkel, prøva å angripa subjektet på ein måte som spegla min forståing av kva som skjedde.
Har du eit eksempel på ein måte du gjorde dette?
– Ja, i kampen om Midtskogen. Der var det viktig for meg å ikkje leggja det med musikk, men prøva å berre vera der og spela gjennom heile sceneriet, og ved hjelp av ca 450 statister la det spelast som eit gigantisk teater rundt Seeberg. Eg ville skildre dette som eg gjer når eg er åleine med eit kamera i Afghanistan eller Pakistan. Det skal ikkje verka for iscenesatt.
Ein av dei beste sekvensane for meg var alt rundt senkinga av Blücher. Var det utfordrande å laga? Korleis var det med CGI-bruken?
– Det er veldig mykje CGI i filmen, men fyrst og fremst på steder dere ikkje ser det. Spesielt vart det brukt til å rydde opp i bygningar og fasadar, for å få bakgrunnar til å sjå ut som dei gjorde på den tida. Men heile Blücher var òg skapt i CGI. Det var eit enormt stykke arbeid. For å løyse det fekk eg dei beste frå London og Dublin til å gjere arbeidet. Eg ville ha 100 % fotorealisme. Ingen følelse av at det er digitalt.
Tilbake til menig Seeberg. Me fekk intrykk av at dette var ei sann historie. Kor mykje var fiksjon?
–  Lite. Han vart mest såra i kampen, han vart avhøyrd av tyskarane, han fortalde tyskarane om alle bataljonane som låg i vente, og fekk dei til å trekkja seg tilbake. Når det gjelder møtet han hadde med Kongen har me litt mindre fakta, men vitnar seier at noko liknande skjedde.
Føla du at du har laga ein «viktig film»?
–  Eg håpa ikkje akkurat det. For viss det er ein «viktig film» kan det skremma folk frå å gå å sjå den. Ein skal ikkje føla press for å læra noko.
Kongens Nei har no blitt sendt inn som Norges Oscar-kandidat. Kva tenkjer du om det?
–  Det blir masse arbeid. Eg må reise til USA i tre månadar for representera filmen, og jobba for å få ein distributør. Eg har heldigvis nokre større aktørar som har fått filmar nominert før med på laget. Eg må ha trua på at det er verdt å leggja arbeid ned i Oscar-kampanjen, for det utsetter jo forproduksjonen på neste prosjekt.
Du er utdanna filmfotograf?
–  Og regissør!
Har du nokre ved kinematografien i filmen du er spesielt nøgd med?
– Det er lenge sidan eg slapp taket i å bli begeistra for flott filmfotografi. Det måtte eg kasta bort tidleg i mi karriere. Men eg er vel meir bevisst i måten eg bruker kameraet på. Og i dialogane med filmfotografer kan eg artikulera meg med ein fagterminologi, i staden for å berre referera til andre verk. Eg har eigentleg fordjupa meg meir i manusskriving og skodespelararbeid, og det har eg blitt glad i. Eg har blant anna satt opp ting på teater. Eg vil utfordre og forske på forma i måten eg fortelje ting på.
Eg vil ikkje vere for sjølvhøgtidleg. Eg syns ikkje eg har gjort noko særleg geniale ting, men er glad viss folk kan sjå kva eg prøvar på.
Avsluttingsvis: Har du nokre anbefalingar til oss ferske filmstudentar? Anten filma eller regissørar?
– Mange! Elem Klimov sin Gå og Se. Den må sjåast! Truffauts De 400 slagene. Den ser nok alle på filmvitenskap, men den må sjåast igjen og igjen. Tidleg Scorsese: Mean Streets, Alice Doesn’t Live Here Anymore, Taxi Driver og Raging Bull. Etter Raging Bull kan ein berre slutta å sjå han. Alt av Cassavetes. Jan Troell sine filmer. Utvandrerne, Nybyggerene, og ikkje minst Il Capitano. Der er det nordisk kraft! Mathieu Kassovitz sin Hatet, på fransk La Haine, er òg ein dykk må sjå.

Røff råklipp av intervjuet med Erik Poppe under.

Relaterte innlegg