Meny Lukk

“John Wick Chapter Three: Parabellum” – Meir, meir, meir

[usr=4]

Den tredje filmen i seria (som om ikkje lenge blir fire filmar) om ein leigemordar på eit personleg oppdrag held fram som forventa, med stadig fleire action-nummer og som tittelen refererer til, generelt meir av alt. Den same korny dialogen og dei koregraferte rå slossescene trappes opp. Bakhistoria til denne alternativt univers-versjonen av verda vert utdjupa. Dei fleste som går og ser filmen vil nok få akkurat det dei ynskjer seg.

Personleg var den akkurat som forventa, kanskje litt mindre realistisk ankra enn dei førre to filmane. medan dette er ikkje eit problem. Det er mange, mange kule augeblikk, ikkje minst av dei ei scene nær klimakset då du endeleg får sjå Wick sloss med sverd. Kinematografien er spektakuler og pen, einaste å pirke i er noko ‘upen’ datagenerte bilete i visse scener (hovudsakleg nokre hestar, og ein motorsykkeljakt). Elles vart forventningane innfridd, og totalt sett er det ein spanandes og moro action-film med mange kule augeblikk.

I slåstscenene er det einaste å pirke på korleis Wick (Keanu Reeves) vert skoten halveis inn i filmen, og det vert berre ikkje nemnt igjen i etterkant, som om eit skothól i magen er noko ein berre kan gå vekk ifrå frå problemfritt.

Reeves som Wick er tøff som berre det og er framleis perfekt for rolla. Ian McShane vert berre meir og meir pastisj av ein kul farsfigur, og eg meiner ikkje det som noko negativt. Laurence Fishburn funkar for det meste som ein ‘comic-relief’-karakter, og han har ei mykje mindre rolle i denne filmen enn den førre desverre, likevel stjel han shovet når han er på skjermen. Svakast var nok Halle Berry og Jerome Flynn, der Berry med sin karakter verkar som lite meir enn speletidsfyll enn noko anna. Flynn har på ein elendig ‘italiensk’ (?) aksent som er plagsom frå byrjinga til slutten i den eine scena han er med i.

Elles er det bra regi, flott klypping, bra prestasjonar, kule slåstscener, tullete korny dialog og ei bakhistorie som er så teit at det er moro. Viss du likte dei føre filmane, vil du like denne.

John Wick Chapter Three: Parabellum – regissert av Chad Stahelski; med Keanu Reeves, Ian McShane, Halle Berry, Laurence Fishburne. Spilletid: 2t 10m. Land: USA. Premiere: 31.05.19. Aldersgrense: 15 år.

Relaterte innlegg