Meny Lukk

Kosmorama 2018: Stemningsrapport – Dag 3

Eg begynner å merke at festivalen tar på. Sjekka mobilen når eg stod opp, klokka var tolv. To timar til dagens første visning; Shit. Eg fekk kjapt fiksa håret og halvgalloperte bort til Rema og sikra meg mi daglege niste beståande av ein del Ostebriks og Kvikk Lunsj. Hoppa på første buss mot sentrum og kom fram til Prinsen med ti minuttar til gode. Benkane i lobbyen var plassert enda nærmare kvarandre i dag enn dei føregåande dagane. Eg fekk derfor berre så vidt klatra meg bort til ei stikkontakt og ladda mobilen før dagens første film, Sommerbarn.

Sommerbarn
Sommerbarn

For første gong denne festivalen fekk eg entre sal 5 og nytte dei fancy sofasete-fasilitetane som er tilgjengelege der. Saman med ein liten arme med andre Jump-Cuterar okkuperte vi ei rad med sofasete fremst i salen. Dei var kanskje dei mest behagelege eg har sitje på så langt denne festivalen, og var ei fortent pause for ein sliten bakdel. Ulempa var at all rørsle skapte øredøyvande knirking, så her var det berre å sitte i ro. Heldigvis var filmen eit nydeleg skode. Islandsk landskap presentert i vakre fargar er ikkje noko å klage over. Og sjarmen som barn har på kinoskjermen var òg artig, sjølv om handlinga kanskje ikkje var all verda.

Tigers Are Not Afraid
Tigers Are Not Afraid

Etter dette fekk eg ei lengre pause noko som gjorde at eg endeleg fekk i meg frukost. Pausen vart for det meste nytta til å diskutere filmar med folk. Ein gjeng satt framleis og måpte over gårsdagens Let The Corpses Tan, medan andre prøvde å finne ut av om det verkeleg var nødvendig å ta turen innom Trondheimsreisen. Personleg satt eg og prøvde å få oversikt over programmet. For augneblikket veit eg ofte ikkje kva den neste filmen eg skal sjå er før eg fiskar neste billett ut av lomma. Heldigvis fant eg vegen fram til neste film, mexikanske Tigers Are Not Afraid. Denne Devils Backbone aktige filmen, med ei handling som kombinerer skrekkelement med eit drama var ikkje dårleg, men skildringa av livet i Mexico City sine skuggesider kunne kanskje gått litt djupare enn den gjorde.

I neste pause kom eg på at Liv Ullman hadde vert innom festivalen og presentert første visning av Scener fra et ekteskap. Eg fekk veldig lyst til å ta turen innom, men dei seks timane denne varte i gjorde at eg fort måtte bortprioritere mykje anna. Men i tilfelle eg med rein tilfeldighet skulle dulte borti ho i løpet av veka ville eg sørgje for at møtet ikkje blei alt for kleint. Derfor fant eg fram Store Norske Leksikon, fant vegen til søkefeltet og skreiv inn: “Liv Ullman”. Visste du at ho regisserte Kristin Lavransdatter-filmen? Kven skulle trudd?

Find This Dumb Little Bitch and Throw Her Into The RIver
Find This Dumb Little Bitch and Throw Her Into The RIver

Neste film ut var Find This Little Dumb Bitch and Throw Her Into a River. Denne overraska meg veldig. Skildringa av internett og korleis folk brukar det til dagleg kjendest veldig realistisk. Eg ser ofte at veldig mange filmar om internett er laga av menneske som fryktar det meir enn både pesten og koleraen. Dermed var det artig å sjå ein regissør som faktisk greidde å skildre det meir naturleg. Regissøren var også innom salen ein tur og helste på oss, koseleg.

På dette tidspunktet var eg heilt ute av sync med alle andre eg kjenner på festivalen. Dermed fekk eg endeleg moglegheita til å skjekka Facebook og Snapchat. Visste du at der faktisk finnest ein verden utanfor Kosmorama? Eg veit, utruleg. Hadde nesten ikkje lagt merke til kor oppslukt eg har blitt i festivalen før no. Resten av pausen brukte eg på å overtyde meg sjølv om at det ikkje vart verdt det å gå heilt til Burger King for å kjøpe lunsj. Livet er hardt ass. Eg fekk også etterkvart snakka med nokre som hadde vore og sett spesialvisninga av Utøya-filmen og som kunne fortelje om ei heilt spesiell stemning i ein sal som forblei stille både gjennom filmen og rulletekstane.

The Lodgers
The Lodgers

Som vanleg avslutta eg kvelden med ein skrekkfilm og i dag stod The Lodgers for tur. Denne var kanskje ein av filmane eg har sett som minna meg minst om den typiske festivalfilmen. Dette betyr ikkje at den ikkje var ei god filmoppleving. Som dei fleste skrekkfilmane eg har sett så langt på festivalen var der få sekvensar i filmen som faktisk var skumle, men filmen baud heller på ei unik oppleving. Historia om eit tvillingpar som var fanga i familieeigendommen av overnaturlege krefter var original og underholdande. Og når det vert blanda inn litt incest i miksen vert den fort urovekkande. På toppen av dette leverte filmen med mange vakre og unike bilete med stilige visuelle effektar. Og på grunn av filmens slutt var der mykje meir å tenke over i ettertid enn det eg først hadde venta.
Dag tre har levert mange forskjellige, men også mange engasjerande, filmopplevingar. Eg har endå ikkje sett ein einaste film på årets festival som eg vil kalle dårleg. I dag har eg spesielt fått sett ei rekke filmar med svært gode kvalitetar som eg aldri ville fått med meg om dei ikkje tilfeldigvis hadde hamna på festivalprogrammet mitt. I morgon har eg flytta litt rundt på programmet, så eg er ikkje heilt sikker på kva eg skal sjå. Men, eg trur, eg skal få med meg mykje omtalte 120 slag i minuttet, som eg høyrer skal vere ganske bra. Samtidig skal eg òg få tatt ein titt på Please Stand By. Denne er både ein “roadmovie”, som er ein sjanger eg diggar, og handlar om ein nerd, som er noko eg er. Gleder meg.

Relaterte innlegg