Meny Lukk

Kosmorama 2020 – Dag 2

Kosmorama kan by på mykje rart. Alt frå koreanske drama til filmar med Nicholas Cage. I løpet av tirsdagen har Jonas fått med seg begge deler.

Color out of Space regi av Richard Stanley

Etter sjangerpastisjen Mandy, valde Cage ein adaptasjon av H.P. Lovecraft som sitt nye prosjekt. Kanskje fordi filmen som Mandy tek i bruk mykje fiolett ljosbruk, eller kanskje fordi han ville skrike frå seg litt til. Uansett er Cage tilbake i storform som ein galen farsfigur på randen, eller midt i, eit samanbrot.

Color out of Space er som nemnt ein adaptasjon av Lovecraft si novelle om ein meteor med utanomjordiske eigenskapar som landar på jorda. Mykje likt Stalker eller nylege Annihilation skapar meteoren eit felt der vanlege ting får nye og sære kvalitetar. Midt i dette er familien Gardner, som opplev eit mareritt utan like når dette vesenet terroriserer dei.

For å sei det rett ut er dette ikkje ein særleg bra film. Det er element som likevel reddar den, derav Cage sin eigen prestasjon, som skapar store mengder utilsikta humor. Samt er til tider kinematografien kjempefin å sjå på. Likevel, tross for at den er mellombels, er det lov og elske den.

Beanpole regi av Kantemir Balagov

Leningrad i 1945 tydde dårlege kår for dei fleste, enno meir om ein har ungar. Dei to venninnene Iya (Viktoria Miroshnichenko) og Masha (Vasilisa Perelygina) forsøker å saman navigere usikre kvardagar utan å ende opp med å svelte. Begge tok del i krigshandlingane på austfronten som luftvernsoldatar, og er fysisk og psykisk merka av opplevingane deira. Jentene vert tvungen til å vakse opp raskt, og tilpasse seg til ei fælsleg realitet. Dei er knapt over tjue, men har levd eit meir uttømmande liv enn dei fleste. Som tilskodar får ein stundom eit glimt av ungdommane i dei.

Det er sjeldan at to karakterar fungerer så godt ilag når dei er spegelbilete av kvarandre. Dei totale kontrastane haldt kvart av augeblikka Iya og Masha er saman både spanande og moro. Diverre lid filmen av å vere litt for lang for sitt eige beste. Den skiftar også fokus mellom hendingar veldig raskt, ofte utan at tilskodaren får tenkje over kva som skjedde. Situasjonane som presenterast er så snåle at dei ofte ikkje får tid til å søkke inn. Dei absurde tinga som hender med figurane gjer det aleine verd å få med seg «Beanpole». I tillegg får ein også levert nokre flotte og minneverdige skodespelarprestasjonar.

The House of Us – regi av Yoon Ga-eun

Sjeldan kan eg erfart kinoopplevingar så sterke som denne her, og omgrepet eg vil nytte for å skildre den er ‘drastisk keisam’. Ikkje sidan Guddommelig Kjærlighet i fjor på BIFF har eg opplevd same grad av smertefull lyst til å sleppe unna eit filmunivers. Dette koreanske oppvekstdramaet minner på overflata om ein annan koreansk film, The House of Hummingbird. Berre der skjedde det faktisk noko. Det er nesten urimeleg at ein 93 minutt lang film klara å hisse meg opp såpass kraftig.

Kjapt summert handlar filmen om nokre unge jenter i aldrar mellom tre og tretten. Dei spaserer rundt i ein asfaltjungel av ein koreansk by og lagar mat. Det var heile filmen. For å unngå å skape noko nyttig vel regissøren å spele på dei små barnas søt-faktor. Kall meg kynisk, for det er eg nok, men ein kan ikkje basere eit heilt filmgrunnlag på dette. Utanom var det og ei sidehandling om korleis familien til den eine jenta gjekk igjennom ei skilsmisse. Diverre var forsøket meir som Marriage Story, men med søvnapné.

– Jonas

Relaterte innlegg