Meny Lukk

Min pappa, Toni Erdmann – or how I learned to stop worrying and love my dad, kind of…

Det å ha pinlege foreldre er noko mange kan kjenna seg igjen i, anten frå film eller røynda. Ein gong i oppveksta, vanlegvis tidleg i tenåra, går t.d. pappa over frå å vera supermann til å bli persona non grata. Dette er gjerne ein fase som går over, og etter kvart som ein vert eldre klarar ein, om ikkje anna, å omgåast dei på venlege premiss. Men so har ein dei tilfella der personlegdomsskilnadane mellom forelder og born er so store at dei synast å berre driva lenger og lenger vekk frå kvarandre. I utgangspunktet er Min pappa Toni Erdmann ein film om eit slikt høve – mellom far og dotter – som absurd humoristisk ser på moglegheita for ei reversering i dei tektoniske utglidingane som har separert dei. Men om me kallar den delen for kjerna i filmen, finnast det mykje i dei ytre skala òg.

Toni Erdmann er ikkje ein karakter i filmen – til å byrje med. Winifred er ein nær-pensjonaldret barneskulelærar som elskar praktiske vitsar. Frå fyrste scene ser me han tulle med eit postbud, lett utkledd som sin eigen bror. Han går med eit sett falske tenner i skjortelomma til alle tider, og besøker gjerne mor si med skemmande ansiktssminke. Dottera Ines er konsulent i eit internasjonalt oljefirma, og jobbar for tida i Romania. Ingen av dei er flinke til å halda kontakten med kvarandre, noko eit kort og pinleg bursdagsbesøk visar.  Winifred bestemmer seg til slutt for å dra på eit overraskelsesbesøk til Ines. Han får eit lite innblikk i hennar verd, og det gjev ikkje eit spesielt positivt inntrykk. Dei kranglar litt om livets meining, og Winifried drar heim med halen mellom beina. The end.

Neidå, dette var knapt fyrste tredjedel av denne 162 minutt lange drama-komedien. Handlinga tar av då Winifried, ikledd dei stygge laustenna og ein grusom parykk insinuerar seg inn i Ines sin sirkel av forretningsbekjente. Han tar på seg skikkelsen Toni Erdmann, businessman og life coach, ein karakter ingen tar heilt alvorleg, men som dei heller ikkje kjem unna. Ines, lei av å la faren diktera ting, inviterar han meir og meir inn i arbeidslivet sitt, og hendingane som kjem frå dette trossar all forventing.

Det er to svært dedikerte skodespelarprestasjonar i hjarta av denne filmen. Sandra Hüller og Peter Simonischek er begge utrulege på kvar sin måte. Nesten alle scener spelar seg ut til det mest ekstreme, og det er pinleg som berre juling. Filmen er gjennomsyra av cringe-humor av typen denne omtalar ikkje er spesielt fan av (har t.d. aldri klart å sjå ferdig ein episode av UK. Office), og det er ikkje i alle tilfella det kjennast verdt det å bli so ukomfortabel. Men der ein meir konvensjonell komedie a la noko frå Judd Apatow ofte blir for lang før den når 2-timersmerket er settinga i Toni Erdmann ei som tålar speletida. Dei kanskje mest interessante  aspekteta med filmen er sidespora ned i europeisk oljeindustri og konsulentarbeid, med fokus på out-sourcing samt ei synleggjering av systemisk kjønnsdiskriminering.

Toni Erdmann favnar latterleg breitt og stikker hol på alt som kan likna på ein latterbyll. Om ein ynskjer ein film der konfliktane har klare, rette linjer og Hollywoodsk happy ending er ikkje dette filmen å sjå. Den presenterer ingen lette løysinger eller framifrå frelsande gestar. Dens bittersøte mangel på fullstendig resolusjon legg lista ofte smertefullt nære røynda. Om litt for krass og utriveleg for min eigen smak er det likevel eit imponerande stykke film med unike ambisjonar. Eit særs godt alternativ til dei som er metta på “normal” kommersiell film.

 

Min pappa, Toni Erdmann - Skrive og regissert av Maren Ade, med; Sanda Hüller, Peter Simonischek, Thomas Loibl, Ingrid Bisu og Trystan Pütter. Lengde: 2 t 42 min. Nasjonalitet: Tyskland. Premiere: 25.12.16

 

Relaterte innlegg