Meny Lukk

Minding the Gap – Kosmorama 2019

Ser du etter ein film med rå skating og rå kjensler? Då er kanskje Minding the Gap (2018) for deg. Handlinga baserer seg rundt 3 unge menn frå Rockford, Illinois, Zach, Bing og Keire. Dokumentaren sitt fokus er korleis dei tre fordjupa seg i skating frå ein ung alder for å sleppe unna liva deira. Filmen ser på kvifor desse tre enda opp slik som dei gjorde, og opptak frå Bing sitt liv strekk seg heilt tilbake til 2006.

Presentasjonen igjennom filmen er i stil med dei fleste dokumentarar, medan det som skiljer denne ut frå mengda er måten Bing har tatt opp skate-sekvenser, der han sjølv har vore med på rullebrett med eit steadicam. Fleire av sekvensane er derfor skikkelig interessante å sjå på og evnene som desse tre mennene har er verkeleg noko som imponerer.

Samstundes er det ein ganske sår film, som rører på vanlege menneskes relasjonar til samfunnsproblem i USA, som rase og politivald utan å preike til tilskodaren. Heile filmen verkar veldig naturleg.

Du kan sjå Minding the Gap Tirsdag 12:30, Fredag 23:00, og Lørdag 17:15 på Prinsen Kino medan Kosmorama pågår.

Relaterte innlegg