Meny Lukk

“Monos” – Vakker feberdrøm

[usr 4.5]

Nær himmelen og skyene, der eventyraktig magi blandar seg med dei menneskelege strømmingane frå verda nedunder, finn vi geriljastyrken Monos. Åtte ungar som alle går under merkelege kallenamn; Svensken, Boom Boom og Ulven er nokre av dei. I deira varetekt finn ein eit amerikansk gissel som dei held fanga på vegne av «Organisasjonen» og «Bodberaren», fanga i denne ukjente delen av Colombia. Ein dag kjem Bodberaren på besøk med mjølkekua Shakira som skal gje troppane påfyll med god og vitaminrik mjølk; det ryktes om at fienden nærmar seg.

Monos er ei hypnotisk oppleving frå byrjing til slutt. Poetiske element vært blanda med menneskeskildringar i denne historia som trør forsiktig langs grensa mellom myte og sanning. Liva til barnesoldatar vert skildra med like delar gru og varme. Kort sagt er dette ein film som meistrar ei rekke vanskelege balansegangar.

Filmens overflatiske utrykk er noko heilt for seg sjølv. Det fargerike og kraftige fotografiet er frå første stund nydeleg, og kombinert med det vakre Colombianske høglandet er det sjeldan filmen fell langt unna rein visuell fryd. Men bileta er heller ikkje berre vakre, når dei fungerer på sitt beste syrar bileta seg fast under auga.

Det utsøkte fotografiet får også mykje hjelp frå meisterleg klipping. Rytmen held deg alltid desorientert nok til at du vil vite meir, men førar aldri til at du rotar deg vekk. Nokre av dei klippemessige vala kan til tider følast som rein galskap, men ein landar alltid trygt på bakken. Handarbeidet her er verkeleg i verdsklasse. Og det seier eg før eg i det heile har omtalt lyddesignet, som kombinerer lydar frå primitive proto-instrument og flasketutar med mystiske dataakkordar til eit lydspor som både er heimsøkande og vakkert. Filmen er i det heile ei hypnotisk oppleving som dreg deg av gårde før du i det heile merkar at tida går.

Og under alt det tekniske ligg ei rivande historie om åtte barnesoldatar, som alle fungerer i rolla si. Nokre av dei er attpåtil fantastiske. Etter kvart som historia utviklar seg fell kampen mot den ukjente fienden i bakgrunnen medan vi stadig nærmare studerer deira personlege liv. Apokalypse Nå og Fluenes Konge er begge verk som trekkast fram i treffande samanlikning til dette, sistnemnte blir det attpåtil direkte referert til. Men sjølv kor lang ned i psyken sin mørke avgrunn filmen dykkar, verkar karakterane alltid menneskelege og ekte. Dei følast alle som ungar eg kunne gått på ungdomsskule med, berre plassert til denne andre sida av verda Det at dette er debutfilmen til samlege av dei, og at dei i tillegg utførar sine eigen stunt langt ute i den colombianske villmarka, er på kanten til utruleg.

Om eg har ein ting å utsette på filmen er det kanskje at slutten kjem litt brått på. Det opplevast nærmast som om filmen mistar retninga si ein stad på reisa igjennom den colombianske jungelen. Dette har uansett ikkje så mykje å seie for filmen som heilheit, og byrjinga av filmen sett stemninga så godt at eg umogleg kunne rykkast ut av den mot slutten. Og trass nokre manglar i siste halvdel av filmen vert ein sittande igjen i kinosalen og berre ønske seg tilbake til denne magiske og brutale verda med ein gong det er slutt.

Monos er eit rystande verk som vert servert til oss frå regissør Alejandro Landes. Eit magiske portrett av livet som barnesoldat i det colombianske høglandet som er vanskeleg å legge frå seg. Den fantastiske historia, og karakterane i den, vert løfta fram av eit eksepsjonelt foto-, klippe- og lydarbeid. Ein forsvinn inn i gapet til beistet utan å ane ord av det, og ein finner seg fort oppslukt av ei trolsk oppleving ulikt noko anna. Eg må åtvare lesaren om at Monos kanskje kan seiast å ligge meir på kanten til den abstrakte kunstfilmen, og eit stykke unna den typiske narrative. Men i mi meining er uansett kløkta filmen viser i si utforsking av nye filmatiske territorium eit av den sine sterkaste sider. Så om ein går inn i kinosalen klar for ei ny og annleis oppleving, er Monos ikkje langt unna eit lite meisterverk. 

Monos – Regissert av;   Alejandro Landes , med  Sofia Buenaventura, Julian Giraldo, Karen Quintero og Laura Castrillón . Spilletid: 1t 43m. Land: Colombia. Premiere: 21.02.20. Aldersgrense: 15 år. 

Relaterte innlegg