Meny Lukk

«Mysteriet i Slack Bay» – Lite mystisk, middels morosam, veldig fransk

Dette er godt mogleg den raraste kinofilmen du ser i år. Ein absurd farse av typen berre franskmenn synast å få til. Med innslag av magisk realisme kjem Slack Bay fram som halvt krimgåte, halvt eventyr, halvt sosialkommentar (i filmens verd hadde nok ingen stussa på ha tre halvdelar av ein heil), gjennomsyra av ein humor som berre kan beskrivast som knusktørr slapstick – noko som openbart ikkje gjev meining. Om filmen faktisk er meint å gjeve meining er moglegvis eit irrelevant spørsmål. Sjåverdig er den uansett, erm, kanskje.

Filmen finn stad i den namngjevande og døsige bukta i Pas-de-Calais, tidleg på 1900-talet. Me vert introdusert til tre sett hovudpersonar: Ein lokal familie som driv med muslingfiske og ein litt spesiell variant av ferjeservice, ein høgst dysfunksjonell ferierande rikmannsfamilie på sin årlege visitt til villaen på toppen av landsbyen, og ein duo politimenn som etterforskar ei rekkje forsvinningar av turistar. Det setjast opp ein romanse mellom ungdommar i dei to familiane og den eine familien blir tidleg avslørt som skurkane politiet leiter etter, men ikkje noko av det tar for sentral plass i filmen. Filmen verkar meir interessert i ei generell utgreiing av dei tallause tragikomiske situasjonane som er mogleg å skapa.

Politiinspektørane Machin og Malfoy gjev sterke assosiasjonar til Dupond og Dupont, både i evner og rolle i forteljinga. Den rotunde Machin kan knapt gå to steg utan å gå på tryne for komisk effekt, og jobben til Malfoy handlar i hovudsak om å få han på beina igjen. Å drive effektiv etterforsking kan dei jammen ikkje. Mennene i den innfødde Brufortfamilien, den stoiske L’Eternel og pseudo-hovudkarakteren Ma Loute, tener til livets opphald ved å ferje turistar (i båt når det er flo, i armane når det er fjære), samt ved å ta nokon av dei med heim til middag i ny og ne (ikkje som gjester, if you know what I mean). Og so har me familien Petegham, den største samlinga skrullingar på denne sida av ein Monty Python-sketsj. Kven som er søskenbarn, bror, søster, onkel og svigers til kven er tidvis uklårt, men det er ingen tvil om at dei er miljøskadd. Om det er rikdom eller incest som har mest av skulda for skavankane er ikkje godt å seie, men det er uansett eit lyspunkt at barna i familien verkar relativt upåverka. Det kanskje best utførte sideplottet i filmen handlar om den kjønnsfluide dotter/niesa Billie sin romanse med Ma Loute.

Det er mykje potensiale å finne, både i karakterane og landskapet i Slack Bay. Skulle berre ynskje alle aspekta av filmen var like godt gjennomført som det nydelege landskapsfotografiet. Krimmysteriet blir aldri bygga skikkeleg oppunder, og blandinga av farse, tørrvidd og fallhumor sitter ikkje som den skal. Overdrive mykje tid blir til dømes brukt å på venta på at Machin skal snuble, igjen og igjen, utan at effekten av det går særleg opp. At dei har skrudd opp lydeffektane til 11 hjelper ikkje so godt dei nok har tenkt. Den latterleg pompøse Peteghamfamilien er eit høgdepunkt, men ein går litt lei deira idiosynkrasiar òg.

Alt i alt er dette ein film som er vanskeleg å anbefale. Den fell inn i eit mønster der det både er for lite og for mykje mysterium. Krimgåta er eigentleg aldri i fokus og er difor ikkje spennande, mens mangelen på ein sterk raud tråd i forteljinga elles gjer at ein ikkje får særleg emosjonell investering, ei heller noko forventingar framover. Ein sit berre å lurar på kva slags tullete situasjon dei har funne på no. Opplevinga blir difor delt. Halvt morosam, halvt slitsam, men heilt unik.

Mysteriet i Slack Bay (Ma Loute) - Skrive og regissert av Bruno Dumont; Med Fabrice Luchini, Valeria Bruni Tedeschi, Raph, Brandon Lavieville, og Juliette Binoche; Nasjonalitet: Frankrike. Lengde: 2 t 02 m. Premiere: 24.03.17

Relaterte innlegg