Meny Lukk

Nordlands Jeanne d’Arc – Krigsheltinne frå Mosjøen

Denne dokumentaren fortel om Liv Grannes frå Mosjøen og hennar arbeid for den norske motstandsbevegelsen under andre verdskrig. Den høgt dekorerte Grannes jobba med britane med blant anna å smugle inn 40 tonn våpen motstandbevegelsen kunne kjempe tilbake den tyske invasjonen med.

Nordlands Jeanne d’Arc er ei interessant historie om Noreg under andre verdskrig som ikkje har fått spesielt mykje merksemd før. Kvinner i motstandskampen er ikkje noko ein høyrer så mykje om, så det er spennande å høyre nye historier frå ei tid vi allereie kjenner godt til.

Filmen er ikkje spesielt lang med berre 62 minutt speletid, og sjølv om den har ein del engasjerande poeng, kjennes det som at det går litt treigt til tider. Ved sida av historiske bilete og intervju med historieprofessorar og sonen til personen filmen omhandlar, får vi ganske ofte sjå skodespelarar gjenfortelle det som blir fortalt i intervjua, samt stemma til ein anna forteljar. Dette kan vere ein effektiv måte å gjere ting på, men mengda opptak av skodespelarar blir litt for mykje i forhold til mengda bilete frå krigen, og det opplevast som om filmen ikkje heilt klarer å bestemme seg for om den vil vere ein dokumentar eller ein spelefilm.

Det at dokumentaren går litt treigt berre i løpet av sin knappe time, gjer den heller ikkje noko tenester. Personleg opplevde eg at dette kunne tatt seg betre ut i serieformat då dei nesten begynte på ei ny historie rett før filmens slutt. Men til trass for sine svakheiter, er Nordlands Jeanne d’Arc likevel ei fascinerande historie som sikkert treff godt hos spesielt interesserte.

Nordlands Jeanne d'Arc - Regi av Fredrik Horn Akselsen. Spilletid: 1t 2m. Land: Norge. Norgespremiere: 05.03.2021 Med: Julie Christensen Valla, Sindre-Benedict Hendrichs/Alexander Didriksen. Aldersgrense: 9 år.

Relaterte innlegg