Meny Lukk

«Nøtteknekkeren og de fire kongerikene» – Koseleg julefilm som ikkje heilt knekk koden

Det er julaftan i Disney si fantasiutgåve av viktorianske London. Clara og familien er i ferd med å gjere seg klare til å reise på byens store juleball når faren gjev ho ei gåve som mora alltid hadde ønskja ho skulle få. For å opne gåve må ho få tak i ein mystisk nøkkel, og leitinga etter denne tek ho med til eit magisk land prega av ei innbiten konflikt mellom fire rike. Det skal vise seg at Clara kanskje er den einaste som kan stoppe den nært føreståande krigen. Filmen endar opp med å posisjonere seg midt i mellom det originale Nøtteknekkaren-stykket og ein slags oppfølgjar til dette. Den hentar karakterar både frå historia til E.T.A. Hoffmann, balletten til Tsjajkovskij og andre kjelder for å smelte saman eit heilt univers bygd opp på dei kjente figurane.

Dette er kanskje den sterkaste sida til filmen, sjølve universet. Framstillinga av dei fire kongerika er både nydeleg og grandios. Magiske skogar, eit gigantisk slott, vakre elver – nærmast alt i denne framstillinga kan pirre fantasien til sjåaren. Fargane og dekoren er òg svært vakre å sjå på og kreativiteten som ligg i designet, med alle slags små finurlege idear, er svært underhaldande. Eit eller to av dei skremmande bileta i denne filmen var skumle nok til å kunne vore frå ein grøssar. Medan det nydelege set-designet generelt er eventyrleg. Dette smittar òg over til framstillinga av London som er fiksjonalisert med all verdens små artige mekaniske oppfinningar. Det nedsnødde London med sine lys og dekorasjonar skapar òg julestemning som det held.

Problemet filmen slit med derimot er ei handling som til tider fell flat. Bodskapen til filmen blir presentert klart og tydeleg og hamra inn. Ikkje berre ein, men fleire gongar, seier Clara rett ut kva denne opplevinga har lært ho. Ikkje alt i filmen gjev alltid meining om du tenkar skikkeleg over det heller. Skodespelarane kan tidvis levere gode prestasjonar, men generelt sett er karakterar enten overspelte eller underspelte. Spesielt Jayden Fowora-Knight i rolla som Nøtteknekkaren verkar som han slit med å finne ut kva han skal gjere med rollefiguren, noko som merkas svert godt når du sit i salen. Dette trur eg fort skapar problem for dei vaksne, og for oss filmnerdar. Men greier ein å sjå forbi desse kan noko av tematikken til tider vere rørande og skape gode augneblink, det er berre så synd at det krev ein del arbeid for å faktisk greie å sjå forbi det. Ser ein òg på heilheita er det imponerande korleis filmskaparane har tatt inspirasjonen frå dei forskjellege Nøtteknekkar-versjonane og gjort det om til eit dramatisk og engasjerande fantasiunivers.

I dag er Nøtteknekkaren kanskje mest kjent gjennom musikken i balletten til Tsjajkovskij. Derfor passar det seg å sjå på korleis Disney har valt å bruke, eller ikkje bruke, denne musikken. Det er tenkeleg at Disney her både kunne valt å ikkje bruke noko av ballettmusikken til fordel av å lage originalmusikk og prøve å lage sin eigen klassikar, eller å berre nytte seg av Tsjajkovskij sin musikk for å tene på referanseverdi. Nøtteknekkeren gjer ingen av desse og greier å smelte saman musikk frå balletten med originalt komponert musikk på ein passande og god måte. Til tider er inspirasjonane ekstremt tydelege og musikk frå balletten vert brukt i si originalform, men sjølv når Disney har valt å komponere ny musikk kan ein høyre inspirasjonane i form av tema som subtilt har fått sin plass i lydsporet. På denne måten får filmen ein filmmusikk som skil seg frå dei fleste andre fantasy-filmar for barn medan den samtidig står fram som moderne og toneriktig.

Der er mange problem med Disney sitt forsøk på å gjenfortelle Nøtteknekkaren.  Mange av skodespelarane skuffar – både nye og gamle talent. Historia er heller ikkje særleg original og bodskapet blir konstant hamra ned over hovudet til sjåaren. Men tematikken som ligg under den openlyse bodskapen kan til tider skape gode augneblink, og den verda som filmskaparane har greidd å byggje ut frå den originale historia er både vakker og underhaldande. Filmen endar opp som noko langt frå eit meisterverk, men som ein julefilm er den engasjerande nok og akkurat så koseleg som sesongen krev.

Nøtteknekkeren og de fire kongerikene - Regissert av Lasse Hallström; med Helen Mirren, Keira Knightley, og Mackenzie Foy. 
Spilletid: 1t 39m. Land: USA. Premiere: 31.10.18. Aldersgrense: 9 år

Relaterte innlegg