Meny Lukk

«Pirates of the Caribbean: Salazar’s Revenge» – Nærare ei kjølhaling enn noko anna.

For fjorten år sidan gjorde Disney og produsent Jerry Bruckheimer noko ein ikkje skulle tru var mogleg. Dei laga film ut av konseptet til ein av attraksjonane i Disneyland – ein skikkeleg bra film! Med ei framifrå likande rollebesetning, velbalansert sjangerblanding, og kjapt ikonisk musikk vart The Curse of the Black Pearl starten på ein av dei mest inntenande filmfranchisane nokon gong. To samanhengande, og relativt sterke oppfylgjarar – som eg lika betre enn mange kritikarar – tente inn milliardar av dollar, noko som sjølvsagt motiverte for fortsett produksjon av serien. Den fjerde filmen kom etter nokre år opphald, denne gongen utan to av dei tre hovudrollene frå originalen. Då forsvann den gode balansen (ikkje rart om ein tenkjer på korleis Captain Jack Sparrow bevegar seg), og utan like velgjorte skurkar som Barbossa og Davy Jones trakk det heile greia ned mange famnar. No etter seks år pause, den lengste mellom filmar so langt, har Salazar’s Revenge (aka. Dead Men Tell No Tales) kome, og håpet var at på dei åra hadde filmskaparane fått skuta inn på rett kurs igjen. Diverre, innhentinga av dei norske regissørtalenta Joachim Rønning og Espen Sandberg til tross, mislukkast dei.

Det er forsøkt å gå tilbake til røtene, med spøkelsespiratar på eit forheksa skip som hovudantagonistar. Javier Bardem spelar den oskeflassande Salazar, som definerast av sin hemnlyst mot ein viss sjanglande pirat. Men dette er ikkje eigentleg hans forteljing, som undertittelen foreslår. Det kunne jo vore interessant. I staden fylgjer me fyrst ungguten Henry, som er son av Will Turner og Elizabeth Swan. Will tok som me alle hugsar over Den Flygande Hollendar frå Davy Jones i slutten av At World’s End, og er difor bunden til å leve på den underhavs. Henry har brukt heile livet sitt (minst 10-12 år) på å studere havets løyndommar, og har endeleg funne ein måte å frigjera far sin på. Ein macguffin som trumfar alle macguffins frå tidlegare: Poseidon sin trefork! Og sjølvsagt finst det berre ein mann som kan hjelpe han å få tak i den: (Captain) Jack Sparrow.

Men det hjelper lite å ta ting «back to basics», når forståinga av, eller i det minste evna til å gjenskapa det som fungerte ikkje er til stede. Salazar er ingen Barbossa, og Barbossa sjølv er knapt ein skugge av seg sjølv. Henry er ein evne- og karismalaus gutunge som ikkje har andre eigenskapar enn tydinga av banale gåter. Det er forsøkt nyvinning i den kvinnelege birolla (jepp, det er berre ei), men vitskapsheksa Carina er so lett og uoppfinnsamt definert at det blir irriterande. Ho skal liksom vere ein «voice of reason». Ei opplyst kvinne i ei tid som ikkje tillét slikt. At ho må gje opp si tru på at verda er logisk, og heller stole på magisk mytologi verkar då berre bakvendt – og absolutt ikkje noko ein burde putte i hovudet på unge sjåarar med tanke på dagens «fake news»-kontroversar.

Her er ingen spanande og balanseutfordrande fekting. Pirathumoren er nær oppbrukt, generelt, og Jack Sparrow spesielt har ikkje eit gram med sjåverdigheit igjen. Filmen har knapt tre minneverdige sekvensar, kvar ein vart gjeve fullt vekk som promosjonsmateriale, ein er ein rip-off av Fast Five (og ein relativt treffande metafor for Depps karriere), og den siste varar i heile to sekund. Det snublast frå scene til scene, utan det spor av vittig dialog eller kløktig planlegging frå karakterane. Og det er skuffande, for kvaliteten i dei visuelle designelementa er på plass. Det er utføringa på alle andre plan som er svak.

Dette er ein oppfylgjar med mange av symptoma på «blockbuster-itis», sjukdomen som brer seg over storfilmar hist og pist. Den er oppblåst og rotete. Det er forsøkt å utvide mytologien frå tidlegare filmar, samtidig som dei nye karakterane vert knytt so tett opp mot dei allereie eksisterande at dei ikkje har rom til å puste. Oversiktsbileta er ekstremt klåre og vakkert skote, mens til nærare inn på det menneskelege ein zoomar til meir ufokusert og stressa blir det. Som om filmskaparane veit at dei ikkje har jobba godt nok på det nivået. Som om dei veit at so lenge Johnny Depp er på plakaten tenar dei pengar. Eg har lyst å tru at det ikkje er (dei norske) regissørane sin feil. At dei vart hyra inn til ein storfilm der for mange av elementa var fastslått allereie før skrivinga var tatt til med. Det må vere sånn, for alternativet er nitrist å vurdera.

Pirates of the Caribbean: Salazar's Revenge - Regissert av Joachim Rønning og Espen Sandberg, Skrevet av Jeff Nathanson, med; Johnny Depp, Geoffrey Rush og Javier Bardem. Nasjonalitet: USA. Lengde: 2 t 09 min . Premiere: 24.05.17.

Relaterte innlegg