Meny Lukk

“Rive-Rolf krasjer internett” – Berre akkurat nok

[usr 3]

I det som er et godt forsøk på å servere så mange referansar som mogleg får vi igjen stifte kjennskap med Rive-Rolf.  I den første filmen er handlinga avgrensa til ei gammal arkade og dei spela som ein finn der, i oppfølgjaren derimot vert dette endra når eigaren kjøpar seg ein Wi-Fi-ruter og koplar seg på det magiske internettet. Når arkademaskina til Rolf sin venn, Vanilje, vert øydelagt, må dei to trosse reisa til dette mystiske nettet for å skaffe eit nytt styrehjul før maskina vert vraka.

Som du skjønar verkar dette utgangspunktet forholdsvis likt det som Emojifilmen hadde for eit stund tilbake, og dessverre gjer Rive-Rolf mange av dei same feila. Den første halvdelen av filmen går stort sett ut på å presentere så mange nettsider og videospelkarakterar som mogleg. Allereie i dei første replikkane i filmen får vi ei ganske tung innføring i Pac-Man. Dette verkar halvvegs som at det var gjort berre for å foreldra i salen til å mimre, og halvvegs fordi mesteparten av publikummet til denne filmen sikkert ikkje har kjennskap til arkadespela den baserer seg på. Slik fortsett filmen og når rollefigurane femten minutt seinare kjem seg på internett held det same konseptet fram vidare. Vi hastar oss fram og tilbake for å få med oss så mange referansar til nettsider og nettkonsept som du får stappa inn i ein totimers film. Etableringa følast derfor meir som eit framlegging av konsept enn som ei faktisk historie. Karakterane fell i bakgrunnen og filmen slit med å få publikum til å verkeleg bry seg om dei, i staden kastar filmen visuelle nyviningar for å halde på interessa. Trass dette er nokre av konsepta kule og filmskaparane har funne ein artig måte å visualisere internettet på. Der er faktisk fleire morosame påfunn enn eg forventa, men dessverre er der òg alt for mykje som berre fell flatt. No meiner eg ikkje humor som openbart var meint for barn, eg skjønner at filmen trenger den slags, men filmen inneheld òg ein del humor som tydeleg siktar mot dei litt eldre som berre ikkje funkar.

Toppen av maset vert når Rolf og Vanilje besøkjer ei av Disney sine eigne nettsider. Her får vi større delar av Disney sine intellektuelle eigendomar kasta i tryna våre. På toppen av alle dei veletablerte karakterane får ungane som ser på òg ei kort innføring i Star Wars og Marvel. Det er veldig vanskeleg å ikkje vere kynisk og seie at Disney allereie her freistar å indoktrinerer vesle Timmy til å bli en lojal konsumer. Disney gjer òg eit forsøk på å rette opp det dårlege ryktet som dei mange «jomfruene i nød» har gjeve dei. Vanilje møter i ei scene på alle dei tidlegare Disney-prinsessene som klagar på kor lei dei er av å bli redda av menn. Det som kanskje, med litt betre komisk presisjon, kunne blitt ei artig scene vert i staden eit alt for openbart forsøk på å drive marknadsføring. Det blir dessverre alt for desperat og merkbart, i alle fall for dei eldre sjåarane. For dei yngre blir det sannsynlegvis berre keisamt å få denne politiske agendaen på ei sølvskei.

Når vi kjem ut i filmen sin andre halvdel derimot vert mange av problema frå den første løyst. Fokuset skiftar vekk frå dei konstante referansane og det konstante, mislykka, forsøket på å være relevant. I staden får vi her ei mykje meir personleg historie som sett forholdet til Rolf og Vanilje på prøve. I ekte Disney-stil vert tematikkane relevante og historia rørande. Filmen greier òg å halde på mykje av dei artige visuelle påfunna frå den første delen og filmen mistar heller ikkje den farten og spenninga som dei aller minste krevjar. Om filmen hadde meistra denne balansen i sin første del hadde den etterlata seg eit svært godt intrykk. Men sjølv her er der dessverre lite som er originalt, inspirasjonen er tydeleg tatt frå andre verk. Ghostbuster kjem til dømes raskt til minnet. Her er framleis eit par vitsar som eg trur ikkje kjem til å fungere for nokon i salen, men det at filmen no er oppbygd rundt ei engasjerande historie gjer desse mykje enklare å tilgi. Trass den dårlege starten trur eg at dei fleste kjem til å investere seg i rollefigurane før rulletekstane omsider dekker skjermen.

Rive-Rolf krasjar internett byrjar som eit forsøk på å presse så mykje popkultur inn i ein film som mogleg. Nokre av ideane er artige, men mesteparten vert berre meiningslaust. Det verkar lenge som om filmen tenkar å prioritere vekk ei god historie for heller å satse på reint konsept og visuelt spetakkel. Dette fungerer ikkje i lengda. Om lag halvvegs ut i filmen forstår den uansett sin feil og tar ei pause frå den konstante bombarderinga. Resultatet er den type personleg og rørande animasjonsfilm som Disney meistrar betre enn nokon andre. Den presterer her godt, men er dessverre ikkje særleg original. Resultatet er ein film som gjev deg passe kinounderhaldning for prisen uten å servere mykje meir. Den er ikkje ei storslått filmoppleving eller ein særleg minneverdig film, men heller ikkje noko ein treng å skjerme ungane sine frå. 

Rive-Rolf krasjer internett – regissert av Phil Johnston & Rich Moore; Spilletid: 1t 52m Land: USA. Premiere: 01.02.19. Aldersgrense: 6 år.

Relaterte innlegg