Meny Lukk

“Sauen Shaun: Farmageddon” – E.T., men sauar

[usr=3]

I dette eventyret landar eit romvesen på Jorda, og finn seg sjølv på garden der Shaun og hans bande sauer held til. Saman må Shaun og romvesenet som ikkje vart namngitt finne fram til romskipet slik at romvesenet kan reise heim til sin familie. Det er E.T., men med sauar. Samstundes er det med eit B-plot som følg bonden på garden som forsøk å profittere på ein romvesen-galskap som rammar Storbritannia med å bygge eit romvesentivoli. Tivoliet har namnet “Farmageddon”, derav tittelen på filmen.

Filmen er proppfull av referansar til andre filmar, blant anna Haisommer, 2001; En Romodyssé, og igjen E.T.. Saman med desse referansane og ei god mengd visuell humor lykkast filmen i å vere ein time og litt med underhaldande barnefilm.

Filmatisk er det mykje å respektere. Stilen Aardman har utvikla sidan starten på nittitalet skin som alltid klart igjennom og er definitivt noko som fortener stadig skryt. Sauen Shaun: Farmageddon leverer sterkt ikkje berre på den visuelle fronten, men med ei underhaldande handling og ein grunnhistorie som vart dyktig, om grunnleggjande, utført.

Det er nokre aspekt av filmen eg mislikte likevel. Sjølv om det er ein moro og grundig utført liten romvesenhistorie, vart den stundom keisam, og tvers igjennom føreseieleg. Dette vart verre mot slutten, når alle dei små referansane til andre, og betre, verk om utanomjordisk kontakt startar å miste sin sjarm. Verst av alt likevel er ikkje handlinga, men musikken filmskaparane har vald å nytte. Songane som er valt ut er ei mengd diverse popsongar, som ikkje berre er keisame, men også gjer absolutt ingenting for handlinga. Dei berre spelast høgt over handlinga på visse tidspunkt. Samt er også musikken dei nyttar dårleg. I tillegg har eit ljodspor har vorte komponert for filmen, som også er gørrkeisamt.

Ser eg forbi desse to aspekta, er det framleis mykje å like, men ikkje så mykje å sitje igjen med. Farmageddon. Aardmans animasjonsstudio er bakom ei rekkje suksessar innan stop-motion sjangeren, og dei sviktar nok ikkje publikum med oppfølgjaren til deira Sauen Shaun-spelefilm. Kva kan eg seie meir enn at det er ein barnefilm, som vil fungere flott for sin mottakingsgruppe.

Sauen Shaun filmen: Farmageddon – regissert av Will Becher, Richard Phelan; med Justin Fletcher, John Sparkes og Amalie Vitale. Spilletid: 1t 26m. Land: England. Premiere: 22.11.19. Aldersgrense: 6 år.

Relaterte innlegg