Meny Lukk

“Swingers” – Substanslaust skvip om frustrerte folk i overgangsalderen

[usr=0.5]

Frå skodespelar Stig Frode Henriksen (Kill Buljo, Død Snø) som regissør i samarbeid mellom latviaren Andrejs Ekis kjem “Swingers”; ein film om dysfunksjonelle forhald som ein forsøker å redde igjennom sosialt akseptabelt utroskap. Suksessformel dette. Ekis synast i alle fall det, for han har laga liknande filmar før. Med den latviske “Swingers” frå 2017, og den estlandske varianten “Svingerid” (2017). Ein kan seie at med den tredje i serien er han i ferd med å opprette eit lite kinematisk univers. At nokon kan skape ein businessmodell på slik er i seg sjølv imponerande, eit ord eg ikkje ville brukt om den norske filmen på noko nivå. Henriksen har mange roller i denne produksjonen, han er også skodespelar og fungerer som manusforfattar saman med Kristian Winter. Det er openbart frå første stund at desse to ikkje har nokon kompetanse innan å skape engasjement eller å fortelje ei moro historie.

Prestasjonane er lågmåls, einaste skodespelaren som leverer linjene på ein overtydande måte er Zahid Ali, men eg tvilar det var noko særleg å jobbe med for dei andre skodespelarane. I løpet av filmens speletid er det langt over hundre døde spøkar, imponerande på ein film som berre er 75 minutt. Handlinga er sentrert rundt to par som, av forskjellige grunnar, bestemmer seg for å ‘swinge’. Det kjennast i hovudsak berre som ein unnskyldning for Henriksen å spele ein masochist etter eige ideal. Nokre av scenene er presentert med eit overraskande konservativt synspunkt for ein film som handlar om seksuell fridom.

Dette er den flataste og mest livlause filmen eg har sett på lenge, og det vart lagt på musikk konstant som om det er ein tenåringsfilm frå nittitalet. Det er ingenting å hylle i det heile tatt. Filmen er satt til Trondheim ettersom det er ei sidehandling om Rosenborg sin trenar som er i eit homofilt forhald med ein av fotballspelarane i klubben, men denne filmen kunne vore satt til kvar som helst. Settinga er berre ei unnskyldning for å vise droneklypp av Nidarosdomen og Elgesæterbrua.

Swingers lid og av å ha to tilsynelatande urelaterte handlingar føregå parallellt. Det er eit forsøk på å knyte dei saman, men etter 1 time og 10 minutt verkar det berre patetisk. Filmen klarar ikkje ein gong å avhenge på seksuell spenning, og den einaste sexscena i filmen føregår ikkje eingong på skjermen.

Dette er ein elendig film. Ikkje sjå den.

Relaterte innlegg