Meny Lukk

«The Accountant» – Går så vidt i pluss

Ben Affleck spelar rekneskapshaldaren Christian Wolff. Han verkar som ein hyggeleg kar, om litt vel direkte, og hjelper gjerne småbruksfamiliar å finna snarvegar i skattetrekksreglene. Diagnostisert ein plass på det autistiske spekteret var oppveksten hans ein røff ein. Hans einaste ven var broren, og debatten om korleis han skulle tas vare på splitta opp foreldra før han var kome godt inn i tenåra. Han er flink til å finna samanhengar, men blir svært frustrert om han ikkje får gjera ferdig ei oppgåve. For å halda dei indre demonane i sjakk fylgjer han strenge rutinar. Mat serverast på ein spesiell måte, klesskapet er fullt av identiske dressar, og før leggjetid klokka 10 har han eit 20 minutts ritual han må gjennom. Må! Men det fungerer. Han står for det meste fram som ein vanleg person, om litt svak i small talk og sarkasme. Og so var det ein ting til: Han er farleg god med rifla!

Medan Christian, om det hans verkelege namn, får jobben med å sjekka ut ein bokføringsfeil for ei større teknologibedrift, fylgjar me parallelt ein ung dataanalytikar for finansdepartementet. Ho blir tvinga på eit oppdrag frå øvste hald, nemleg å finna identiteten til ein mann berre kjent som «The Accountant». Han er ein flyktig skugge av ein mann. Alltid vendt feil veg på overvakingsbileta. Alt ho har å gå etter er dei bileta og to alias, Gauss og (Lou) Carroll. Sjefen, ein nesten bortkasta J.K. Simmons, er bestemt på at han må få vita identiteten til denne personen innan han skal pensjonera seg om nokre månader, elles blir det verst for ho. Om det berre fantes noko mønster for ho å oppdaga…

Om skildringa av karakterane frå finansdepartementet verkar litt manglande, er det berre fordi dei ikkje er karakterar som eigentleg gjer noko særleg nyttig for plottet. Filmen lar dei rota litt rundt, finna dei svært enkle hinta som trekk dei i rett retning, utan at dei kjem særleg nær hovudkonflikten. Dei blir berre brukt mest som ein unnskyldning for å setje inn fleire tilbakeblikk i livet til Christian. Det visar seg faren trena både han og broren vart opp til eit militærliv. Men på eit seinare tidspunkt får me sjå Christian i fengsel, der han blir opplært til å gjera rekneskap for kriminelle. «At least there’s honor among thieves» seier han, utan eit hint av ironi i stemma. Korleis skjedde dette karriereskiftet, og kvar har det blitt av bror hans?

Dette er den typen actionfilm som byggar spenninga ved å halda tilbake mykje viktig informasjon, både på måtar som gjev meining og ikkje. Sidan det hoppast mykje fram og tilbake i tid, med Christian som einaste konstant, er han den einaste me blir skikkeleg godt kjend med. Ikkje at det er berre negativt. Ben Affleck gjer seg greitt som monoton action-helt. Ingen halvmorosame vittigheiter eller latterlege «moves» som aldri hadde fungert i røynda. Berre effektiv, målretta vald. På ein måte er han som John Wick, berre ikkje fullt so kul. Etter kvart som rekneskapsevnene hans avdekkjer djupe konspirasjonar kjem ein ny spelar på bana. Ein brutal, men karismatisk gun-for-hire, spela av Jon Bernthal, som har fåttt jobben med å rydda opp dei lause, menneskelege trådane. Christian og alle han har møtt so langt i filmen endar opp i skotlinja. Det inkluderer dei eldre småbrukarane frå fyrste paragrafen her, og den einaste personen han har haldt ein ordentleg samtale med, eit slags kjærleiksemne spela av Anna Kendrick.

The Accountant er som eit rekneark som absolutt skal balanserast utan restar. Der det er eit informasjonssøkk må det til slutt koma ein lengre monolog som fyller inn alt lenge etter at det faktisk var nyttig. Alle karakterar er på ein eller annan måte vovne inn i den sentrale fletta. Om ein person her ikkje har blitt høyrd frå på ei stund, må denne nye karakteren der ha noko med det å gjera. Men, som alle som har vore innom realfag veit, det er ikkje berre svaret til slutt som er viktig. Ein kan skòra gode poeng ved å gjere godt arbeid undervegs. Og denne filmen endar faktisk opp med pluss i boka av den grunn. Spenninga byggast og oppretthaldast godt, og action-scenene er filma klart og funksjonelt. Jamt over godkjende rolleprestasjonar av drivne karakterskodespelarar, med den tyngste børen balansert på Affleck sine breie skuldrer, løftar filmen opp nokre få skatteklasser over den gjennomsnittlege action-franchise.

The Accountant - Regissert av Gavin O'Connor, skrevet av Bill Dubuque; med Ben Affleck, Cynthia Addai-Robbinson, J.K. Simmons, Anna Kendrick, og Jon Bernthal; Lengde: 2t 8m. Nasjonalitet: USA. Premiere 02.12.2016. Aldersgrense: 15 år.

 

Relaterte innlegg