Meny Lukk

“The Middle Man” – Ein melankolsk komedie?


Bent Hamer er ein rar fyr. Med eit særeiget visuelt uttrykk og ei evne for å skrive snåle manus har han dei siste tiåra utmerka seg som blant Noregs framtredande kunstfilmregissørar. Saman med Joachim Trier utgjer han faktisk heile Noregs kunstfilm-eksport. Og som Trier gjorde før han, har han no teke turen til Amerika, for å regissere “The Middle Man”, ei adaptasjon av Saabye Christensen si roman “Sluk”.

No har eg jo gått i den klassiske fella i å ikkje ha lest boka som filmen si grunnhistorie er henta i frå, men eg har lest i ei Dagbladet-artikkel om den. Med dette påstår eg at filmen er ei dugeleg adaptasjon, der romanen er minst like deprimerande som filmen elles. For Hamer har igjen gått og laga eit uhyre trist stykke spelefilm. Min fyrste reaksjon var at noko forferdeleg må ha hendt Hamer for at han skal skape denne filmen. Rusta med kunnskapen frå Dagbladet har eg kome til innsjå at det er nok Saabye Christensen som har opplevd noko heilt jævlig. Eller kanske båe.

Uansett, filmen tek føre seg Frank Farelli (Pål Sverre Hagen), den nye ‘mellommannen’ i den amerikanske industribyen Kermack. Som bygdas mellommann vart det Frank si oppgåve å formidle dårlege tidningar til Kermacks borgarar, om det så skulle vere at nokon har hamna i ei bilkollisjon eller hamne i koma. Kermack er nemleg spesielt utsett for ulykker, og derfor vart arbeidet som mellommann ei særs viktig oppgåve. Denne jobben kjem derfor med nokre goder: deriblant ein svart dress og eit parførehald med sekretæren (Tuva Novotny).

Akkurat same filmen kunne i grunnen vore laga i eller satt til Noreg. Å ta føre seg bygder på vestlandet der alle dei unge har flytta vekk kunne i like stor grad fungert, men ettersom romanen den er basert på tek stad i USA gjer det meining. Det som ikkje gjer meining er å ha skandinaviske skodespelarar i samtlige av hovudrollene samt storparten av birollene. Eg vart sitjande med ei kjensle av utappa potensiale, der filmen hadde moglegheit å sjå på ‘fraflyttarkrisa’ her i Noreg, men i staden for vart den om eit tidlegare industrisamfunn i USA. Dette finnes det allereie ei rekkje amerikanske spelefilmar om, som Hamer sin film ikkje kjem til å erstatte.

I norsk kontekst er filmen uansett eit friskt pust, på same måte som Hamer sine filmar stadig har vore. Regissøren visar til ei teknisk evne forbi samtlege norske filmskaparar (igjen, med unntak av Trier) og sjølv om han kanskje ikkje har betra filmspråket sitt sidan “1001 gram” er det mykje å hente her.

"The Middle Man" regissert av Bent Hamer. Med: Pål Sverre Hagen, Tuva Novotny, Aksel Hennie, Rossif Sutherland og Trond Fausa Aurvåg. Spilletid: 1 timer og 31 minutter. Land: Noreg / USA. Aldersgrense: 9 år. På kino: 17 September

Relaterte innlegg