Meny Lukk

“The Nightingale” – Hevnhistorie og vald-eskapadar i flott Tasmansk natur

[usr=4.0]

Historisk drama presentert som ein thriller, “The Nightingale” er Jennifer Kents andre spelefilm, (den første var The Babadook). Ho visar ein evne til å skape kjempeeffektive spenningscenar og interessante, dynamiske karakterar. “The Nightingale” er ankra i verkelegheita og framstiller den britiske imperiemakta på ein meir nyansert måte enn andre filmar, til dømes Master and Commander.

Den irske deporterte fangen i Clare (Aisling Franciosi) og hennar familie vart traumatisert av ein britisk offiser. Clare fer dermed saman med ein aborginalsk vegvisar med namn Billy (Baykali Ganambarr) etter offiseren (Sam Claflin) for å hemne seg på han. Ferda igjennom den tasmanske villmarka er flott å sjå på. Dei val, noko uortodoks, å filme i Academy-utsnitt (1,35:1) som grensar utsnittet. Filmen vekslar derfor nesten eksklusivt mellom totalutsnitt og nærbilete. Det er og nokre interessante surrealistiske marerittssekvensar der skrekk-elementa i The Nightingale kjem igjennom. Det er ingen grenser på kva som vart framstilt, grafiske valdtektsscener samt grufull legemevald er skildra livnært.

Igjennom Billy og hans hat for den britiske koloniseringa av heimlandet hans får filmen eit preg av politikk og tek opp relevante spørsmål om korleis dei mørke frå Tasmania (og dei andre britiske koloniane) vart behandla. Eit aspekt av dette er samhaldet mellom Billy og Clare, som begge er frå land/folkegrupper som har vore herja av Storbritannia i lengre tid (Australia/Irland). Hovudhandlinga er jo likevel hemnhistoria til Clare, men til slutt gjer ho opp med valden som har prega livet hennar.

The Nightingale er ikkje redd for å representere eit verkelegheitsbilete som ein sjeldan ser i australsk film. Eg ser på den underliggande handlinga om britisk overmakt som det filmen eigentleg fokuserer på, og slutten reflekterer dette bra.

Relaterte innlegg