Meny Lukk

The Racer – Sykkelshorts og dop

Sommaren 1998 vart dei fyrste tre etappane i Tour de France heldt i Irland. Denne runda av det verdskjende sykkelløpet er notorisk kjend for mengda doping, og har i ettertid blitt døypa «Tour du Dopage». The Racer er ei fiksjonell handling om eit sykkellag som konkurrerer i det omstridde kappløpet.

Dom Chabol (Louis Talpe) er ein belgisk syklar som er ferdig med glansdagane sine, og mange spekulerer på om dette kan vere hans siste Tour de France. Kroppen hans er sliten, og han og dei andre gutane på laget dopar seg for å kunne konkurrere på toppnivå. Chabol er ikkje klar for å leggje opp enno, men den høge konkurransen og den lave helsa hans jobbar i mot målet hans om å få utvida kontrakt hos laget.

Dom Chabol er ein “domestique”, ein syklist med ei støtterolle i laget som hjelp dei andre på laget å vinne i staden for å vinne sjølv. Dette, kombinert med dopinga, byr på eit unikt perspektiv som gjer The Racer til ein interessant film som utforskar dei mørke sidene ved å vere ein profesjonell idrettsutøvar med eit usunt behov for å halde seg på toppen.

Filmen blir i hovudsak driven av skodespelarprestasjonane. Louis Talpe spelar som utbrend proffsyklist godt. Iain Glen, kjend frå prosjekt som Game of Thrones, har ei støttande rolle i filmen som han gjer det veldig godt i. Sjølve handlinga i filmen er grei, men den har ein tendens til å fortelje fleire historier enn den kanskje bør. Nokre av desse er moro å følgje, men diverre får dei mindre tid enn dei gjerne skulle hatt på grunn av andre, mindre interessante historier.

Når alt kjem til alt er The Racer ein underhaldande film som viser ei side av idretten som ikkje har fått så mykje merksemd på film tidlegare. Den byr på eit interessant perspektiv når det kjem til dopingkultur og kva folk vil gjere for å vinne. Mykje av dette går dessverre ut då filmen også ynskjer å inkludere ei kjærleikshistorie som fell litt flatt. Likevel er dette ein film ein kan ta seg tid til å sjå dersom ein er glad i filmar om idrett og har lyst til å sjå noko nytt.

The Racer - Regi av Kieron J. Walsh. Spilletid: 1t 35m. Land: Irland. Norgespremiere: 19.02.2021 Med: Louis Talpe, Matteo Simoni, Iain Glen, Tara Lee. Aldersgrense: 9 år.

Relaterte innlegg