Meny Lukk

Thor: Ragnarok – Klassisk Marvel i ny embalasje

Thor Ragnarok er den 17. filmen i Marvel sitt cinematiske univers, den 3. filmen i Thor serien, og på eit vis den 2. i Hulk serien. Marvel sin superhelt franchise er på dette tidspunktet den mest pengeinnbringande filmserien nokon sinne med nesten 5 milliardar dollar tent inn med desse filmane. Filmen er på eit vis filmatisering, og samanslåing, av båe teikneseriane Thor: Ragnarok og Planet Hulk.

 

Filmen byrjar ved at vår helt, Tor (Hemsworth), tek livet av demonen Surtur, og tek krona hans, kjelda til makta hans, heim til Åsgard som trofé. Vel heime i Åsgard finn Tor at Loke (Hiddleston), bror hans, i løyndom har styrt landet, magisk forkledd som Odin (Hopkins), far deira og konge av Åsgard. Loke har forheksa Odin og sendt han til Jorda. Tor tek med seg Loke for å finne honom.

Vel framme på jorda finn passande nok Tor og Loke Odin i Noreg. Der vert brørne fortald om Hel, den hemmelege søster deira, som kjem til å bli ein trugsel frå heile universet når Odin døyr, før han fell død om, og Hel dukkar opp. Tor og Loke går til kamp mot henne, men ho øydelegg Tor sin kjære hammar. Tor og Loke freistar å rømme gjennom regnbogebrua, eit middel for intergalaktisk reise, men ho fylgjer etter, og Tor og Loke vert kasta ut or brua, medan Hel sjølv endar opp i Åsgard.

Tor fell ut or brua i ei ukjent verd, vert teken fange av ei tidlegare valkyrje (Thompson), ein soldat for Åsgard, og vert selt som gladiator til leiaren av staden (Goldblum), der Hulken (Ruffalo) òg er til stades.

I Åsgard tek Hel over som diktator for landet, og slepp Fenrisulven ut or eit rom i kjellaren. Borgarane i Åsgard med Heimdal i spissen startar ein gerilja borgarkrig mot Hel sin valdelege framgang.

Tor rømmer frå gladiatortilvære ved hjelp av Hulken (no i menneskeleg form), Loke og Valkyrjen. Dei dreg til Åsgard for å hjelpe folket å evakuere. Krigarane går til krig mot Hel, medan befolkninga bordar romskipet. Tor oppdagar at dei ikkje kan slå Hel i tvikamp, og vel å gjenopplive demonen Surtur frå byrjinga i filmen. Surtur øydelegg heile Åsgard, inkludert Hel, medan våre heltar flyr avgarde.

Ombord på romskipet mimrar Tor noko faren hans ein gong sa: «Åsgard er ikkje ein plass, men eit folk». Dei set det store romskipet i kurs for Jorda.

 

Bruken av norrøn mytologi er som venta tilbake i serien. Tordenguden Tor, bror hans Loke, og far deira Odin er sjølvsagt tilbake. Tilbake er òg Heimdal, vektaren av Bifrost (regnbogebrua), regnbogebrua sjølv, og Åsgard. Bruken av norrøn mytologi er mellombels utvida frå det vi er kjent med frå serien tidlegare, inkludert bruk av Noreg som setting i ei av scenene. Det startar i namnet, Ragnarok, apokalypsen i Åsgard, «person»galleriet vert utvida av Hel, herskarinna av underverda, krigarane Valkyrjene og dommedagsdyret Fenrisulven.

Stilmessig tek filmen eit steg ut or det publikum er van med frå Marvel. Ein spør seg om dette var noko plottet kravde, eller om det er stilen til den spesielle regissøren Taika Waititi som gjer seg gjeldande. Thor–delen av Marvel–franchisen sitt utsjåande er i Ragnarok brakt nærare det av tidlegare filmar i serien, dei om «the Guardians of the Galaxy». Fargespekteret er stort, og fargane er tydelege og kontrasterande, det spesielle designet av verda og karakterane grensar til det kjent frå «The Hunger Games». Plottet og andre filmelement i Ragnarok er òg brakt i retning «Guardians» ved bruk av intergalaktisk reise mellom skilde planetar, romvesen og romskip, og deltek slik sett i utvidinga av universet, noko Marvel har starta med i dei siste filmane. Portalar brukt til romferd dreg òg Marvel–serien, til og med Thor–serien, vidare ut i verdsrommet, og utvidar dette filmuniverset.

 

Humoren i filmen slår til, utan brot med dramatikken i dei individuelle scenene (utan bruk av bathos, som Marvel diverre har blitt kjend for). Ein vurderer å kalle filmen ei komedie, og den fell absolutt på Guardians of the Galaxy si side av Marvel sin filmserie. I filmgenren om superheltar har Marvel heller ikkje her skapt noko langs det av kvaliteten i Nolan sin Dark Knight eller Fox sin Logan, men stilen stikk seg ut or det publikum er van med frå Marvel, og filmen er morosam og underhaldande.

 

 

Thor: Ragnarok – regissert av Taika Waititi; skriven av Craig Kyle, Christopher Yost, Eric Pearson; med Chris Hemsworth, Tom Hiddleston, Cate Blanchett, Idris Elba, Jeff Goldblum, Tessa Thompson, Karl Urban, Mark Ruffalo, Anthony Hopkins, Benedict Cumberbatch. Lengde: 2 t. 10 min. Land: USA Premiere: 3. November 2017. Aldersgrense: 12 år.

Relaterte innlegg