Meny Lukk

Three Identical Strangers – Kosmorama 2019

Skummel realitetssjekk.

På plannivå verkar kanskje filmen som ein koseleg dokumentar, om ein absurd historie som ikkje verkar livsnær. Men underflata visar til noko meir mørkt.

Dokumentaren følgjer liva til tre tvillingbrødre, skilt ved fødselen, som vert gjenforent i ein alder av 19. Når handlinga utviklar seg, ikkje for å gi vekk for mykje, tek den ein skarp sving mot korleis dei vart systematisk forska på som eit slags menneskleg eksperiment.

Medan filmen grev djupare i det som har skjedd verkar nesten alt uverkeleg. Det er umogleg å forvente kva som skjer i neste scene, og dei tre brødrene er tydeleg påverka av eksperimentet den dag i dag.

Få med deg Three Identical Strangers Søndag 16:00 på Prinsen Kino.

Relaterte innlegg