Nye uke, nye streamingmuligheter. Ettersom Halloween forsvant ganske raskt, tok den gjerne med seg den store lysten for å se skrekkfilm, og ledet heller veien for noe annet. Nei, vi snakker ikke julefilmen helt enda, men det er høst, og høsten byr på filmtitting. Ikke noe så snevert som en sjanger, men bare film generelt sett. Den perfekte årstiden å slenge seg ned i sofaen med strikkesokker og et pledd, med en god film. Og her har vi funnet noen eksemplariske eksemplarer du burde få med deg!
Frå Netflix: Private Parts (Betty Thomas, 1997)
Navnet Howard Stern burde alene ringe ganske mange bjeller. Man kan vel ganske pent kalle han verdens største radio-personlighet, med trykk på personligheten. For han er ingenting hellig, og tabu-emner er det han lever for. Han er fyren som får inn pornostjerner for å teste ut nye sex-leketøy, han er fyren som vitser om konas spontanabort, han er fyren som har gitt verdens første orgasme med hjelp av lydbølger. Alt dette foran verdenspublikumet på lufta.
Private Parts forteller en biografisk fortelling om Sterns liv, fra en liten pjokk, til et ikon. Fra han startet på student-radio, og konstant dreit seg ut, til han fikk jobben som radioprodusent, etter han ikke fikk lov å være på lufta fordi han var så dårlig. Han mistet aldri håpet, og jobbet så hardt han kunne, tilsynelatende uten noe spesielt talent, fordi han virkelig følte et kall han ikke kunne gi opp. Vi får se all dritten han har måtte gjøre, og all dritten han har fått mot seg før han ble det største navnet på radio.
Det er en ganske rett frem biografisk film, og den lener seg på ufattelig morsomme hendelser, men det som gjør at Private Parts skiller seg vekk ifra mengden, er at Howard Stern, og nesten alle personer i filmen, spiller seg selv. Selv som et barn, spiller den ekte (på den tiden) 43 år gamle Stern seg selv, igjennom alle aldre. Det samme med hans medankre, og flere av hans gjester. Dette skaper en helt annen type biografisk film, i alle fall når man tenker på autentisitet. For når Stern spiller seg selv, er det egentlig ingen måte å ikke tro at dette faktisk skjedde, og at det ikke var nøyaktig slik det skjedde. Som til tider er veldig vanskelig, da noen av hendelsene i filmen er så hinsides drøye at det nesten ikke skulle vert mulig, og gjerne ikke var det på tiden heller.
Filmen er et ufattelig morsomt innblikk inn i livet til en mann som lever av å drite ut seg selv, og alt og alle rundt seg, og anbefales både for folk som har en interesse for Stern, Radio-mediet, og/eller drøy humor.
- Sigfred Storstrand
Frå Viaplay: 99 Homes (Ramin Bahrani, 2014)
Satt i Florida men filma i Louisiana, handlar denne filmen om dei harde realitetane i husmarknaden i USAs sørstatar. Andrew Garfield spelar Dennis Nash, som i lag med familien blir kasta ut av huset sitt på grunn av misleghalding av lån. I åra som leia opp til finanskrisa i 2008 spelte risikable lånevilkår ei stor rolle, og familien Nash er berre ein av tusenvis av familiar som no råkast av etterverknadane. Sidan rettssystemet fløymer over av slike sakar er det lite saksbehandling som blir gjort før ein eigendomsmeglar som representerer banken kjem og kastar ein ut personleg, med lova og politibetjentar på si side. Det er her Rick Carver kjem inn, spela av det skumlaste trynet i Hollywood for tida, Michael Shannon. Han iskald og miskunnlaus. Fri for all sympati. Ein eigedomsmeklar som har skjønt korleis ein tener pengar i ein situasjon der bankane eig alt. Rick og Dennis endar opp med å jobba i lag, men det går ikkje heilt som planlagt for nokon av dei.
Som eit utfyllande vedlegg til finanskrisefilmar som The Big Short eller Margin Call fokuserer 99 Homes på kaoset som fylgde på bakkenivå etter kollapsen på toppen av næringskjeda. Ein får kjenna på korleis ringverknadane treff vanlege folk som berre har taket over hovudet å mista, langt i frå store pengesummar. Dette er ikkje ein film som gjer det vanskeleg å velje sider, eller som tvinger ein til å føla med karakterar djupt nede i gråsona. Det er berre ein film som ynskjer å syna oss kor jævleg huskrisa i USA har blitt for mange. Dennis veit godt kor vondt og urettferdig det kjennast for dei han kastar ut – han har jo nettopp vore der sjølv – men økonomisk stabilitet er ein sterk motivasjonsfaktor. Spørsmålet blir då: kor går grensa?
- Kristian Kvamsoe
Frå HBO Nordic: Jarhead (Sam Mendes, 2005)
Frå byrjinga verkar Jarhead som ein ganske konvensjonell film om ein ny rekrutt i militæret. Drillsersjanten er beinhard, med-soldatane driv med «hazing» og det blir sprunge mykje i formasjon. Men det er ingenting gale med desse konvensjonane når dei er presentert sopass underhaldande, sett gjennom auga til Jake Gyllenhaals Anthony «Swoff» Swofford. Han har meir eller mindre rota seg inn i militæret, men finn etter kvart at han passar greitt inn. I alle fall i treningsleiren. Staff Sergeant Sykes, spela av Jamie Foxx i full vigør, ser potensiale i Swoff, og når (fyrste) Golfkrigen bryt ut er han ein av åtta mann som har kvalifisert seg som «Scout Snipers». Marinekorpset reiser til Midtausten som ein del av «Operation Desert Shield», om er forberedt på å nytta godt av ferdigheitene sine. Dei får det ikkje heilt som dei vil. Ein frase som blir gjentatt fleire gonger i filmen er eit lite hint: «Welcome to the suck»
Det finst nok av krigsfilmar der ute, men ein skal leite godt for å finna mange som ser flottare ut enn Jarhead. Dette er det fyrste av tre samarbeid mellom regissør Sam Mendes (American Beauty, Road To Perdition, dei to siste Bond-filmane) og kinematograf Roger Deakins (halvparten av alle vakre filmar du nokon gong har sett), og det som visast på skjermen er ofte av ei heilt annan verd. Dei nydelege bildene er i høg kontrast til elendigheita soldatane opplever, og Gyllenhaal storspelar seg inn i nær galskap. Jarhead føyer seg inn i rekkja filmer som dveler ved avhengigheita som nokre soldatar utviklar. Dei er topptrente til å gjere ein ting – drive krig – men kva skjer då om dei ikkje får gjera det?
- Kristian Kvamsoe