Meny Lukk

Vekas Strøymetips 03/05/17

Frå Netflix: Adventureland (Gret Mottola, 2009)

«From the director of Superbad» seier DVD-coveret til denne filmen. Eit faktum som moglegvis bærer både gode og dårlege konnotasjonar, alt etter kven ein spør. Det påverka i alle fall personen som klippa traileren til Adventureland i si tid. Det verkar nemleg ikkje som han eller ho såg filmen på førehand. Traileren feilar spektakulært med å formidla tonen til denne lågmælte perla av ein indie-komedie. I staden for ein grov high-school-komedie er dette ein melankolsk film om kvartlivskrisa som kjem over Jesse Eisenberg som James Brennan, når han etter fullenda bachelorgrad står utan peng til vidare skule.

James opplever at utdanninga hans er lite matnyttig i heimbyen Pittsburgh, der dei fleste ledige stillingar er for manuelt arbeid. Via ein av sine mindre modne «vener» får han jobb i det titulære tivoliet, der hovudoppgåva er å nekta ungar kosedyrpremiar i dei rigga spela deira. Det er ein sær blanding folk som jobbar der, og sjølvsagt ei jente han forelskar seg i – Kristen Stewart i kanskje hennar beste rolle frå Twilight-perioden. Lette intriger og avslappa humor fylgjer, veldig ofte akkompagnert av Falco sin tidlause hit: Rock me Amadeus.

Både Stewart og Eisenberg spelar her roller som ligger omtrent på typen dei vanlegvis blir casta som, men det gjer lite når det funkar so bra som her. Med på laget har dei heftig kombinert komedie-erfaring i Saturday Night Live-veteranane Bill Hader og Kristen Wiig, samt Martin Star kjend frå Silicon Valley og Party Down. Dette er ein film som til ein kvar tid leitar etter humoren i situasjonar, og finn den omtrent kvar gong.

  • Kristian Kvamsøe

Frå Amazon Prime: American Gods (Bryan Fuller og Michael Green, 2017)

Eg tek eit lite steg ut av komfortsona denne veka med ei anbefaling av ein heilt ny serie. American Gods er produsert av den amerikanske kanalen Starz, og kjem i Noreg ut gjennom Amazon sin strøymeteneste. Basert på ein roman av Neil Gaiman (The Sandman, Coraline, The Doctor’s Wife, mm…), og med Bryan Fuller (Pushing Daisies og Hannibal) som showrunner er dette ein serie eg har gleda meg lenge til. Fyrste episode kom no 1. mai – med sju til i vente – og frå og med opningsvignetten ser det svært lovande ut.

Som tittelen kanskje gjev vekk handlar det om gudar i Amerika. Serien entrar oss inn i ei verd som er ørlite mørkare og meir forvridd enn vår eigen, men der neonlysa til gjengjeld strålar litt sterkare. Gudar og andre mytologiske vesen eksisterer, men verkar å ha tilpassa seg dagens samfunn. Til ein viss grad. Me fylgjar Shadow Moon i det han slepp ut av fengsel til svært dårlege nyhender. Det normale livet han trudde han var på veg tilbake til finst ikkje lenger. Han må likevel tilbake til heimbyen, og på vegen blir han tilbydd jobb av ein merkeleg framand. Ein mann som synast å vite ting han ikkje burde kunne. Shadow nektar fyrst, men…

Stilen til Fuller’s Hannibal er i American Gods vidareført og blanda med Starz-stilen frå t.d. Spartacus, noko som resulterer i ein overflod av fargar. Ofte djup drypande raudfarge i form av overdriven blodsprut. Den mystiske, pirrande atmosfæren Gaiman skapar i boka har blitt nydeleg overført til skjerm, og det gleder meg å seie at serieskaparane ikkje har haldt særleg igjen. Romanen er ikkje overdrive grafisk slik den er skrive, men i omsetninga til det visuelle medium er det ingen tvil om at den trengte dei frie reimene til ein betalingskanal. Etter ein episode sit ein igjen med mange fleire spørsmål enn svar, slik serie gjerna skal starte, og eg gler meg absolutt til fortsetjinga.

  • Kristian Kvamsøe

Relaterte innlegg