Meny Lukk

Vekas Strøymetips 04/10/17

På Netflix: American Vandal (Dan Perrault og Tony Yacenda, 2017)

Å skulla lage ein high school «True Crime»-parodi, i stilen til Making a Murderer, høyrast kanskje ut som ein idékjelde med avgrensa potensial. Noko ein lager ein sketsj av som sluttar å vere morosamt før speletida er ferdig. Heldigvis hadde skaparane av American Vandal høgare ambisjonar enn det, og fekk Netflix med på laget etter lovnader om å laga ein skikkeleg gjennomført satire.

Utgangspunktet er eit relativt harmlaust stykke hærverk. Nokon har spraymala penisar på bilane til fleire av lærarane ved ein high school i California. Idet serien startar har skulens svarte får, Dylan Maxwell, blitt dømd og utvist for lovbrotet. Fakultetet kan vise til motiv og moglegheit, og til-og-med eit augevitne. Saka verkar klar, men er den det? Tja…

Genitrekket til skaparane av serien er å presentera American Vandal som om den eksisterer i si eigen røynd. Dokumentaren skapast og forteljast av Peter Maldonado, som sjølv er elev ved Hanover High. Saka etterforskast seriøst og nøkternt, samtidig som Peter og gjengen må leva i denne verda, og blir påverka av at folk på skulen kan sjå serien medan den lagast. Dette gjev dokumentaren eit unikt blikk og eit truverdig perspektiv. Det legg òg til rette for seriens øvre ambisjonar.

Meir enn berre ei imponerande rekkja vellukka penisvitsar er dette ein satire som bit tak i heile økosystemet som utgjer det øvste obligatoriske skulenivået i USA, og ristar laus ein skokk tankevekkjande innsikter. Resultatet er parodisk humor blanda med fengande skuledrama, og ei kjerne av sanning.

  • Kristian Kvamsøe


 

På NRK Nett-TV: Planet Earth 2 (BBC, 2016)

Planet Earth 2 er en videreføring av det cinematiske mesterverket med samme navn. Dagbladet ga nylig programmet terningkast 6, og det med veldig god grunn. I denne serien er dyrene majestetiske skuespillere, som nesten kan kalles actionhelter, og hele verdens naturområder deres scene. Undertegnede har sett første episode, som omhandler livet og økosystemene på øyer omkring i verden.

Det er stor vekt på dramaturgi og fotografering noe gjør seeren ekstremt investert i spenningen. Vi får se kjempeøgler i Indonesia, lemurer på Madagaskar og dovendyr i Karibia mm.  Protagonister og antagonister kjemper for overlevelse i lange jaktscener, som signaturstemmen til David Attenborough leder oss gjennom(dessverre er den dubbet på NRK hvor serien er tilgjengelig).

Blodet fryser og gåsehuden kommer krypende mens man omfavnes av bilder så surrealistiske og så vakre at det nesten kan kalles erotisk. Det første programmet har utløpt nå, men heldigvis er det ytterligere 5 episoder å se, så vær rask, for dette er intet mindre enn en makeløs opplevelse!

  • Eric Menchini

Relaterte innlegg