Meny Lukk

Vekas Strøymetips – 07/02/18

På Netflix: The Polka King (Maya Forbes, 2017) og The Man Who Would Be Polka King (Josha Brown og John Mikulak, 2009)

 

Begge desse filmane, der sistnemnde er ein dokumentar, omhandlar same eksentriske figur. På kvar sin måte presenterer dei legenda om Jan Lewan, ein polsk mann som kom til USA via Canada, og som sakte men sikkert heiste seg opp på stjernehimmelen til polkamiljøet i Pennsylvania. Historia er ein sprø ein. Den er av typen ein nesten ikkje kan tru er sann, spesielt ikkje når ting er sentrert rund ein sopass ellevill rollefigur spela av Jack Black. Men som dokumentaren spelefilmen baserer seg på utan tvil viser: «This really  happened»

 

Me er på det tidlege 90-tal. Jan spelar i eit relativt suksessfullt polkaband med base i Hazelton, Pennsylvania. Saman med bandkameraten Mickey (Jason Schwartzmann), eit fullt orkester og ein dansande mann i kyllingkostyme spelar dei på piknikar og andre mindre tilstellingar. Dei har jamt med arbeid, men spesielt lukrativt er det ikkje. Sjølv ikkje med inntekta frå den tilknytte suvenirsjappa Jan driv er det nok pengar i omløp til å nøye både band, kone, og svigermor. Ein dag får han idéen om å la folk, spesifikt den aldrane polkafansen, investere i produktet Jan Lewan. Dette er eit prospekt han lovar vil gjeve minst 12% avkastning. For å seie det mildt, han lovar litt mykje.

 

På same måte som det var utruleg givande å sjå dokumentaren OJ: Made In America etter å ha sett sesongen av American Crime Story med same tema, tykkja eg desse to filmane er verdt å sjå i suksesjon. I filmatiske versjonar av sanne historier det ofte skuffande mykje som er påfunne eller overdrive. I The Polka King har lite sånt vore nødvendig, utan at det robbar dokumentaren for innhald. Det skil ikkje dei to adapsjonane altfor mykje i innfallsvinkel, men The Man Who Would Be Polka King supplerer og kompliserer karakteriseringa av spelefilmens rollefigurar på ein interessant måte. Ikkje minst tek den seg tida til greie litt meir ut om dei mange offera hans.

 

Med ei kombinert speletid på knappe 2,5 timar får ein mykje underhaldning for tida si, og det utbyttet er proporsjonalt endå større om ein vel å berre sjå eitt av desse tipsa. Jan Lewan er ein artig karakter, men filmane skuggar ikkje vekk frå at mannen som ville bli konge behandla undersåttane sine deretter. Under dekke av å fylgje «the american dream» utarma påfunna hans hundrevis av fansen. Sjølv ikkje den smittsame energien til Jack Black sin rolleprestasjon er nok til å utradere det faktumet.

Relaterte innlegg