Nokre gonger er det lett å anbefala ein film. Om den er hysterisk morosam, svært rørande eller berre sjukt kul, so er det gode grunnar til å ta seg tida og sjå den. Det gjev meining. Men kva då om ein film er mørk, intens og vond? Vel, eg gjer eit forsøk.
Frå Netflix: Turbo Kid (Francois Simard, Anouk Whissell, Yoann-Karl Whissel, 2015)
Savner du 80-tallet? Savner du ualvorlig vold og syk blodsprut? Skjeggstubne machomenn som lever for å banne og skjelle ut folk? Synth-soundtrack og laservåpen? Skurker med øyelapper og maskerte lakeier? Pop-kultur referanser og cheesy dialog? Hjerte og en tilstedeværende kjærlighet for mediet.
Da er Turbo Kid filmen du trenger i livet ditt. Et kjærlighetsbrev til 80-talls absurditeten og badassnessen som kortfilmen Kung Fury prøvde å gjøre for et par år tilbake, bare bedre.
En tenårig scavenger i en verden mye lik Mad Max-universet, tar på seg den figurative kappen til hans tegneserie-idol, og tar navnet Turbo Kid. Straks må han redde sin bestevenn, og stoppe de store onde mannen som prøver å annektere hele ødemarken for seg selv, ved å drepe haugevis av mennesker for å utvinne vann ut ifra kroppene deres, og dermed eie den viktigste ressursen i hele verden, for å kunne herske over ødemarke.
Hovedinspirasjonen bak Turbo Kid må sies å være Mad Max. Mad Max på BMX-sykler, med et lite hint av Spielbergs typiske inspirasjonelle heltehistorie. En simpel ferd over ødemarken, fyllt med utrolig stilige kostymer og kulisser, som ikke nødvendigvis ser realistiske ut, men garantert skaper en levende, pustende filmverden. Actionsekvensene er ufattelig godt gjennomførte, med nye ideer, og liter etter liter av blod og tarmer.
Ikke les det feil. Selv om filmen har sin fair share av overflødig vold, er filmen fortsatt lystig og sprek, og ser du vekk ifra de klare tingene som gir filmen en R-rating, føles filmen nesten mer som en familiefilm, med ufattelig mye hjerte og glede.
Unødvendig mye banning, og vold så tøysete at du ikke kan gjøre annet enn å le og smile av glede. Karakterene er så over-the-top som det overhodet er mulig, og selv om filmen lener seg på et veldig lite budsjett, viser regissøren seg frem med en av de mest unike og gledespredende filmene på ufattelig lenge.
- Sigfred Storstrand
Frå Viaplay: Hard Candy (David Slade, 2005)
Hard Candy handlar om den 14 år gamle Hayley som har møtt ein eldre mann, Jeff, på nettet. Dei avtalar eit møte på kafé og der køyrer dei begge på med A-gamet sitt flørtemessig. Ho er veslevoksen og naiv, mens han spelar kul og avslappa. Dei veit begge at dei opererer utanfor sosiale og rettslege normer. Etter litt om og men blir dei einige om at ho skal bli med han heim, og derfrå byrjar eit spel der det er litt uklårt kven som er ute etter kva.
Mykje meir av plottet vil eg ikkje koma fram med, men det kan vel seiast at ting eskalerer. Om ikkje nødvendigvis i dei retningane ein forventa. Ellen Page som Hayley og Patrick Wilson som Jeff spelar begge karakterar med mykje skjult under overflata, og filmen dykkar djupt ned. Samtalane deira er verbale sparringar der kven som har kontroll på kven synast å skifta fleire gonger. Dette er ein tidleg film i karrierane til både Page og Wilson, men det merkast knapt. Dei er begge fenomenale.
Hard Candy er intens og tidvis brutal, og omtrent so langt frå ein feelgood-historie som ein kjem. Men det jammen ei oppleving. Ein viss filmprofessor dei fleste her i Jump-cut har hatt pleier å seia at ein ser film med magen. Det kjennast godt etter denne her.
- Kristian Kvamsoe
Frå HBO: Frequently Asked Questions About Time Travel (Garreth Carrivick, 2009)
And now for something completely different. Britisk tidsreisekomedie satt i ein brun pub med IT Crowd sin Chris O’Dowd i hovudrolla. Treng du eigentleg meir?
Her er tidsreisefilmen som prøvar å gjera so mykje rett som mogleg. Eller meiner eg galt? Det er litt vanskeleg å seia faktisk. Dette er historia om to Science Fiction nerder (som ikkje likar at folk brukar N-ordet) og deira «normale» venn (som lika godt å bruka det). Dei skal berre ha ein roleg kveld i puben, der dei drikker bitre og prøver å forbetre Hollywood-filmar. Lite veit dei at det er ein tidslekkasje på herretoalettet som sannsynlegvis er skapa av ein inkompetent tidsagent. Kaos, og komedie, fylgjer.
FAQ About Time Travel er tidvis litt klisjé-nerdete, men jamt over berre skikkeleg god moro. Det spelast på sjangerkonvensjonar, og i ekte tidsreisefilmtradisjon skapar plottet meir spørsmål om korleis ting heng saman enn den klarar å svara. Chris O’Dowd og hans kompanjongar er vittige, og Anna Faris gjer litt ekstra ut av sin nær-Manic Timetravelling Dream Girl-karakter.
I løpet av 80 kjappe minutt går jorda under og kjem tilbake igjen. Tidstraumane blir kanskje uoppretteleg øydelagd, men det er kanskje for det beste? Om du likar britisk og/eller nerdehumor og tidreising, men føler det er for mykje press involvert i å bli ein Whovian, sjekk ut denne.
- Kristian Kvamsoe