Meny Lukk

Vekas Strøymetips – 12/10/16

«What is Netflix?» er eit av mange spørsmål Manny stiller Hank i Swiss Army Man, ein av dei betre filmane som kjem på kino denne helga (vår omtale her). Spørsmålet verkar enkelt nok, men når personen som spør inntil nyleg ikkje visste kva ein film er ein gong, so blir svaret hakket meir intrikat. Hank kjem med ei forklaring som har lika mykje med sivilstatusen til sjåaren som noko anna, og han tar ikkje veldig feil. Av og til er det godt å sleppa å gå ut for å kosa seg med ein film i lag med kjærasten. I sofakroken er kleskoden gjerna meir avslappa, og valet av sitjestilling er definitivt friare. Å bli einig om kva film som skal sjåast derimot, det kan fort ta tid. Å få ei anbefaling frå ein tredjepart kan då vere greitt, so har begge partar nokon å leggje skulda på viss filmen skuffar, i staden for kvarandre. Ikkje at det kjem til å skje om ein ser ein av dei fylgjande filmane, for dei er handplukka av oss i Jump-Cut.

At Manny og Hank diskuterer Netflix over t.d. HBO seier mykje om marknadsandelen til strøymepioneren, i alle fall i USA. Den er nok stor her i Noreg òg, men me i Jump-Cut tar likevel ansvaret med å finna gode filmar hjå nokre av konkurrentane. Enjoy!


Frå Netflix: Only Lovers Left Alive (Jim Jarmusch, 2013)

Vampyrfilmsjangeren er lang, tradisjonsrik, og kanskje litt tynnslitt. Det går gjerne ei stund mellom dei verkeleg gode nye ideane. Heldigvis er me inne i ein relativt god periode akkurat no. Sjå berre på What We Do in the Shadows (som me har nemnd med lovord her) og denne vekas strøymeanbefaling frå Netflix: Only Lovers Left Alive.

Filmen fylgjer eit vampyrpar som har vore gift i fleire hundreår, men som ikkje lenger bur i lag. Tom Hiddleston’s Adam er musikar og einstøing, og bruker mesteparten av tida åleine i studioet sitt i Detroit. Han yttrar avsky mot den korrupte menneskeheita, men prøver samtidig å nå ut med musikken sin. Kona Eve, spelt av Tilda Swinton, er ein livsnytar, og byrjar filmen i Tanger der ho fordjupar seg i bøker saman med Chrisopher Marlowe (John Hurt). Dei unngår begge å drikka menneskjer, men det blir berre vanskelegare å finna «the good stuff». Etter ein telefonsamtale merker Eve at det er noko i vegen med Adam, og flyr heim til han. Dette set i gong ein rekkje hendingar som går hardt utover tilværet deira.

Ein bør ha litt tolmod viss ein skal sjå Only Lover Left Alive, for den tar seg særs god tid. Å kalla tempoet avslappa blir ei underdriving. Men om ein takla det so er filmen full av god humor, sosialkommentar, og bileter som er, for å bruka eit Ted Mosby-uttrykk, «hauntingly beautiful».

Kristian Kvamsoe



Frå HBO Nordic: Broken Flowers (Jim Jarmusch, 2005)

 

Bill Murray sklir tilbake inn i rollen vi alle kjenner han igjen fra. Seg selv. Eller, enda en miserabel, men fortsatt alt for elskbar versjon av seg selv. Kult-regissøren Jim Jarmusch står bak kamera i en av filmene som var med å etablere Murray som en stormakt igjen, sammen med Coppolas Lost in Translation, og Andersons Life Aquatic with Steve Zissou (Som begge to forøvrig virkelig kan abefales også).

Murray spiller en sleip womanizer i 50årene. Selv alderen har ikke dratt ned appellen av give-no-fucks mentaliteten hans hos damene, da han fortsatt ligger med jenter i hytt og pine, imens han lever av hans velgående dataselskap (som han tilsynelatende ikke vet mye om).

En dag får han et brev i posten som setter en stopper for fest-tilværelsen. En av de hundretalls kvinnene han har lugget med i sitt liv fikk for 18 år siden en sønn, og motvillig blir Murray tvunget av sin nabo på en roadtrip rundt landet for å finne ut hvor, og hos hvem han har sådd frøene sine.

Broken Flowers er en usedvanlig rolig film. Noe som Murray spiller med til det fulle. Antall skudd hvor han bare sitter stille, uten å si, eller gjør noe er ikke langt imellom. Men det gjør det ikke på noen måte mindre interessant å se på. Måten Murray utrykker følelser, hvordan du føler du kan lese hver eneste tanke i hodet hans, uten at han ytrer et eneste ord er fantastisk.

Som alle road-trip filmer handler det om å finne seg selv. Hvordan fyren som aldri har satt en eneste rot i sitt liv, søker gjennom land og strand, for å finne en side av seg selv han er redd for å se, men skjønner at han må.

Det er en tankefull film, en pen film, og ikke minst en emosjonell en. Murray-nivået er på max, og han viser hvorfor vi alltid kommer tilbake til den giftige samt søte sarkastiske fyren.

Sigfred Storstrand



Frå Viaplay: Stranger Than Fiction (Marc Forster, 2007)

Her har me noko sopass spesielt som ein romantisk dramedie med Will Farrell i «straight-man» hovudrolla, som samtidig er ei meta-utforsking av forteljarmediet i seg sjølv. Alt regissert av mannen bak ‘Quantum of Solace’ og ‘WWZ’. Say what!?

Will Ferrell spela ein «IRS-agent» – altso ein skatteinnkrevjar – ved namn Harold Crick. Han lever eit særs strikt A4-liv med rutiner i kvar krik og krok. Ein dag byrjar ei forteljarstemme å fylgje etter han. Stemma skildrar livet hans i deltalje, noko som kjapt blir eit irritasjonsmoment. Situasjonen eskalerer når forteljaren kjem med eit frampeik om hans død! I andre enden møter me forfattaren bak forteljarstemma, Jules Hilbert, spela av Emma Thompson. Ho strever med skrivesperre, og brukar tida si på å tenkje ut ein tilfredsstillande måte å drepa hovudpersonen i den nye boka hennar på. Ho er ikkje klar over at han, Harold, eksisterer i røynda.

Filmens rom-kom-element kjem i form av ein spirande romanse mellom Harold og bakaren Ana (Maggie Gyllenhaal), som han etterforskar for skatteunndraging. Her er det litt klisjear ute og går, men dei balanserast fint med Harolds forteljarrelaterte problem. Humoren er ganske tørr samanlikna med andre Ferrell-komediar, men det gjer at den kjennast frisk. Alle hovudrollene verkar å ha det kjekt med materialet, og med støttespelarar som Dustin Hoffman, Queen Latifah og Tony Hale sit kvaliteten i alle ledd.

-Kristian Kvamsøe

Relaterte innlegg