Meny Lukk

Vekas strøymetips – 23/11/16

Ny veke, nytt forsøk på å trekkje dei lange linjene. Denne veka serverar med tre karakterutforskingar, kvar to av dei er blanda inn i stilsikre sjangerfilmar. Det er filmar der hovudskodespelarane forsvinn inn i rolla si, og presenterer oss for fullt realiserte menneskjer med interessante personlegdomar. Noko av dette er kanskje grunna treffande type-cast (host, Clooney og Eisenberg, host), men det betyr ikkje at det ikkje fungerer. God filmhelg!

Frå Netflix: The Guest (Adam Wingard, 2014)

I 2014 kom It Follows og feide alle andre av banen. Fantastisk film, uten tvil, men den gigantiske suksessen overskygget mye av de andre indiefilmene dette året. Spesielt The Guest.

«The Guest» (Dan Stevens) møter opp på døra til en liten familie, og forteller at han var i militæret sammen med deres avdøde sønn. Familien er knust over sønnens død, og inviterer han rett inn, og tar han inn som en husgjest. Han er ufattelig rolig, høflig, og virker som tidenes fyr. Han hjelper familien med alt mulig, spesielt barna. Men etter hvert begynner tenåringsdattera i familien å merke at det er noe fishy med han, og prøver å finne ut hvem han egentlig er, og ikke minst hvorfor han kom til dem.

Grunnen til at jeg nevnte It Follows, er at begge filmene deler samme DNA. John Carpenters DNA. Treige lumrende skudd og elektronisk synthmusikk som skaper et ekstremt ubehag. Det har vist seg å bli en av de største trendene i indiefilm i dag med denne musikken, men i The Guest er det alt annet enn bare en stilig gimmick. Musikken puster et liv inn i denne filmen som gjør at det ikke like mye føles som 80s throwback, men en faktisk 80talls film med bedre teknikk og storytelling.

Filmens stil har ufattelig mye å si, men mysteriet det som driver filmen videre. Du vet det er noe som er på skakk med gjesten, men han er så kul, og badass at du fortsatt elsker han. Han er som en kombinasjon av Schwarzenegger fra begge de første Terminator filmene, bare litt mer sexy, og litt mindre Østerisk boler.

The Guest er en råstilig stilfull thriller som drar deg tilbake til bedre tider, i en tidløs setting med nydelig og nervepirrende musikk, brutal vold og herlig cinematografi. Konsentrert testosteron.

  • Sigfred Storstrand

Frå Viaplay: The End of the Tour (James Ponsoldt, 2015)

Nokon gonger når det lagast film om ein bestemt periode i ein kunstnar sitt liv blir det tatt visse fridomar. Det kan vera fordi kjeldematerialet rett og slett ikkje dekker alt som skjedde, eller fordi filmskaparane syns historia trenger å spritast opp litt. I denne skildringa av nokre dagar i livet til David Foster Wallace er det lite som verkar overdramatisert eller påfunne. I dei siste dagane av bokturneen han føretok med den moderne klassikaren av ein mursteinsroman, Infinite Jest, fekk Wallace fylgje av ein skribent frå magasinet Rolling Stone, David Lipsky. Basert på boka Lipsky gav ut etter Wallace sitt sjølvmord presenterer The End of the Tour eit svært intimt innblikk i forfattarens idiosynkrasi.

Tidlegare kjennskap til Infinite Jest eller forfattaren er ikkje naudsynleg. Filmen gjev deg den informasjonen du treng etter kvart, og fokuset er uansett på samtalane mellom dei to Davidane. Som spela av Jesse Eisenberg er Lipsky litt fomlande, slik ein Eisenberg-karakter alltid er. Han er drive av misunning og beundring. Som nyleg ugjeve forfattar drivast han av ein morbid trong til å finna ut korleis og kvifor Wallace er «betre» enn han er. Wallace derimot er spela av Jason Segel med ein utruleg sikker og gjennomført karakterdjupn. Han er varm, ærleg og fascinerande velartikulert. Gjennom gravande spørsmålsseriar, verbal sparring og venskapleg vitsing blir me kjende med begge karakterane på ein flott måte. Filmens heller triste utgangspunkt gjennomsyrar det heile med ein viss melankoli, men The End of the Tour er likevel ein filosofisk roadtrip med mange nok sjåverdige stopp, vel verdt turen.

  • Kristian Kvamsøe

Frå HBO: Out of Sight (Steven Soderbergh, 1998)

I ei verd der både politi og røvarar generelt sett ikkje er dei skarpaste knivane er det ein mann som er smart nok til å utnytta begge sider. George Clooney sjølvsagt. Out of Sight følast litt som ein forgjengar til Ocean’s Eleven, berre at tala er mindre – både med tanke på rollelista og pengeutbytte. Clooney spelar bankranaren Jack Foley, som må bryte seg ut av fengsel etter rein uflaks øydelegg eit bankran for han. Uflaksen forset då ein US. Marshal ved tilfeldigheit endar opp midt i fluktforsøket. Her er det likevel litt hell i uhellet, då denne Marshalen er spela av Jennifer Lopez. Som ein gjerna forventar når dei to største stjernene møtast i ein film: romantikk fylgjer.

Men sjølv denne filmen av-og-til blir lista i undersjangeren rom-com, er det ikkje det Out of Sight er fyrst og fremst. Jaudå, det blir ganske «steamy» mellom Clooney og Lopez (du kjem til å skjøna kva eg meina), og spelet mellom dei to er faktisk særs godt gjennomført. Etter mi meining uendeleg mykje betre enn i ein gjennomsnittleg rom-com. Men filmen er og ei kul, stilisert kriminalforteljing, med hint av tidlegare nemnde Oceans Eleven (som ikkje er so rart med tanke på regissøren) og Snatch.

Men der denne filmen skil seg ut frå slike filmar er tempoet. Out of Sight er litt meir avslappa og kul, på ein måte som reflekterer Clooney sin vante veremåte. Filminga er minst like fargerik som birollelista, der me blant anna finn namn som Rhames, Zahn, og Cheadle. Når eg i tillegg kan informera om at filmen er basert på ein bok frå Elmore Leonard, burde det vere ingen tvil om filmens sjåverdigheit.

  • Kristian Kvamsøe

Relaterte innlegg