Meny Lukk

Vekas Strøymetips – 27/09/2017

Frå Netflix: Premium Rush (David Koepp, 2012)

Ein artig undersjanger innanfor action-thrillers er den som tar for seg ein karakter med eit unikt emnesett, og skriv filmen rundt slik at berre nokon med dei skillsa kan redde dagen. Tenk The Transporter eller The Fast and the Furious-antologien. I denne Joseph Gordon-Levitt-fronta varianten er tempoet gira ned eit par hakk og talet på hjul halvert. I Premium Rush er det sykkel som er tingen.

Gordon-Levitt spelar den ironisk namngjevne Wilee, ein tidlegare jus-student som verkar å ha finne sitt kall i deltidsjobben som sykkelbod. Etter å ha blitt usikker på karrievalet har han lagt eksamen på hylla, og nyttar i staden all energien sin i å bli den beste syklisten i New York. Sjølvsagt er det berre snakk om tid før ein leveranse får han i trøbbel, her ein konvolutt med ukjend, men openbart verdifullt innhald.

Dette er ein lettbeint thriller som berre tar seg sjølv akkurat alvorleg nok. Det er kanskje litt søkt at eit sykkelbod skal hamne midt i eit komplott som berre kan løysast ved hjelp av to hjul, encyklopedisk kunnskap om gatene i New York, og bullet-time trafikklesing, men i Premium Rush funkar det greitt. Gordon-Levitt mater på med idealisme, mens den uendeleg ubereknelege Michael Shannon bles liv i kvart sekund han er på skjermen som filmens antagonist. Alt i alt skamlaus, men moro sykkelpropaganda.


Frå Viaplay: The Lobster (Yorgos Lanthimos, 2015)

Då eg litt tilfeldig såg Dogtooth, gjennombrotsfilmen til Lanthimos frå 2009, skjønte eg ikkje heilt kva eg såg. Det er ein merkeleg film, med ei sær, mørk forteljing og ein ubehageleg stil. I åra etter har det gradvis gått opp for meg kor unik den opplevinga var, og kor sterk filmen eigentleg var. Då The Lobster, Lanthimos sin fyrste engelskspråklege film kom ut i 2015 var eg endeleg klar for meir av hans unike visjon. Og for ein film det viste seg å vere.

The Lobster finn stad i ei verd som er nesten heilt lik vår eigen, men med ein stor forskjell. Fokuset på parforhold er skrudd opp til maks, og konsekvensane for å vere singel er potensielt katastrofale. Me blir kjend med David, spela av ein Colin Farrell som har latt barten gro (han minner eigentleg litt om Matt Damon i The Informant). Etter at kona har gått frå han sendast han til eit hotell der han har 45 dagar på å finna ein ny livspartnar. Om han ikkje klarar det vil han bli gjort om til eit dyr for resten av livet. Solsida er at han får velje dyret sjølv, og han har på førehand bestemt seg for å bli hummar om ulykka skulle vere ute.

Det som fylgjar er ein ekstremt stikkande og morosam svart komedie, som langsamt lar oss sjå meir og meir av denne verdas særeigenheiter. Skodespelet har kvalitet i alle ledd, då rollelista består av Farrell, Rachel Weisz, Olivia Colman, John C. Reiley, Lea Seydoux, og Michael Smiley med fleire, mens Lanthimos sitt manus er den store stjerna alt anna sirklar (ellipsar?) rundt. Dette er tragikomikk på høgste nivå, og eg gleder meg til å sjå meir frå denne regissøren.

 

Relaterte innlegg