Meny Lukk

Vekas strøymetips – 30/11/16

Fyrste søndag i advent er passert, og det betyr jo berre ein ting: eksamensperioden på NTNU er i full sving. For nokon betyr mangelen på forelesning at dei har meir tid til film enn elles, mens nokon brukar vel heller den tida som ekstra lesetid (raringar!). I tilfelle nokon av vore lesarar ikkje treng all tilgjengeleg tid til repetisjon denne veka kjem me no med nokre anbefalingar uansett. Denne veka kjem alle frå yours truly, sidan min vanlege makker Sigfred har hatt eit Redbull-relatert eksamenslesingsuhell, der caps lock-, komma- og punktumtastane har satt seg fast. Han klara difor berre kommunisera som Hulken ville gjort om han aldri hadde hatt eit grammatikkfag. Av omtanke til korrekturlesaren lar me han stå over denne veka. Snurr film(spalte)!


Frå Netflix: Kung Fu Hustle (Stephen Chow, 2004)

Det finst mange variantar av kampsport-film, men det finst få som tør å leika like mykje med konseptet som denne. Kung Fu Hustle er ein vanvettig, fargesprakande, uhøgtidleg fest av ein sjangerleik som prøver litt av kvart og lykkast med det meste. Det er mengder av slapstick-humor, skurkane driv med koreografert øksedans, og «chosen one» plotlinja held «woah»-augeblinken tilbake so lenge som mogleg. Det er overdådig og tilbakehaldande samtidig.

Filmen byrjar med å visa at politistyrken, som latterleg kallar seg for «Super Crime Fighters», lett blir banka opp av ein lokal gangster, som igjen blir tatt ut av ein endå større gjeng i kamp om styringa i 40-talets Shanghai. Vidare eskalerast styrkehøva på dei mange utøvarane fleire hakk ved kvar moglegheit. Saman med den overnaturlege kampkoreografien gjer dette at filmen kjennast som om nokon tok ein Wuxia-film som Crouching Tiger Hidden Dragon og innførte animeregler. Ein rett og slett fantastisk idé.

I Kung Fu Hustle kan kven som helst visa seg å vera kung fu-meister, enn kor usannsynleg det verkar på utsida. Det brukast ei rekkje varierte kampteknikkar av varierande grad av realisme. Dei slåst med spyd, ringer, øks, stemmeband og andre strenginstrument, og sjølvsagt med berre nevane. Men filmen jobbar minst like hardt med å få oss til å le som noko anna. Den er gjennomsyra av tullete humor, oftast av ein fysisk variant. Det er skikkeleg teit til tider, men på ein god måte. Ein kjempegod måte.

  • Kristian


Frå Viaplay: Carol (Todd Haynes, 2015)

Skal eg vera ærleg er eg sikkert ikkje den beste personen til å anbefala denne filmen. Portrettet den malar av romanse mellom to kvinner i 50-talets USA er so tydeleg gjennomtenkt og subtilt detaljert at eg har garantert gått glipp av noko. Både av kjønnsgrunnar og min underutvikla oppfatning av subtekst. Men likevel satt eg igjen med inntrykket av å ha sett noko vakkert. Noko ekte.

Filmen fylgjer fyrst den unge Therese, som bur og jobbar på Manhatten. Ho har ein stødig jobb på kjøpesenter og ein stødig kar som ynsker å gifte seg med ho. Men på innsida er ho ikkje fullt nøgd med ting som dei er. Ho leikar med tanken om å drive med fotografi, og etter ein tilfeldig samtale med den eldre, sofistikerte Carol dukkar endå meir risqué tankar opp. Carol på si side er midt i ei bitter skilsmisse med eit barn fanga i midten. Begge partar kan verka å ha skuld i brotet, men berre ein av dei har gjort noko som kan påtvingast ein diagnose. Til meir dei knyt band til kvarandre til meir kvesser situasjonen seg for begge, og ein bilreise dei tek i lag endar opp med langt større ringverknader enn venta.

Carol er som sagt ein vakker, uhyre gjennomtenkt film. Den er fargerik utan å vera prangande. Avslappa utan å bli treig. Rik på realistiske karakterar og 50-tals estetikk. Rooney Mara og Cate Blanchett får fram det beste i kvarandre, sett frå begge sider av den fjerde veggen. Den var opningsfilm på Kosmorama (Trondheim filmfestival) i vår, men eg rakk ikkje skaffa meg billett før det vart utseld. Eg skjøna no at eg gjekk glipp av ei kinooppleving.

  • Kristian


Frå HBO: Stuart: A Life Backwards (David Attwood, 2007)

Året før Tom Hardy braut gjennom i filmar som Bronson og (i litt mindre grad) RocknRolla, og heile tre år før Benedict Cumberbatch vart alle sin favorittversjon av Sherlock Holmes, spela dei begge i denne samarbeidsproduksjonen mellom BBC og HBO. Basert på ei sann historie, fylgjer filmen deltidssosialarbeidaren Alexander og den heimlause, narkomane Stuart. Når leiarane av herberget dei begge er knytt til blir urettferdig fengsla startar dei ein kampanje for lauslating saman. Stuart har nok av fengselserfaring og mange… interessante idear. Medan dei jobbar med kampanjen utviklar Alexander ein fascinasjon for Stuart sin unike livserfaring, og tilbyr seg å skriva ein biografi om han.  Stuart går med på det so lenge det blir gjort med ei spennande vinkling. «Skriv det som ei mordgåte» seier han. «Jobb bakover og finn ut kva som drap den vetle guten eg ein gong var».

Tom Hardy er kjent for å gå djupt når han skapar karakterane sine, og Stuart viser at han har ein lang tradisjon for det. Det er ein særs detaljert fysisk prestasjon frå hans side. Filmen er «kitchen sink»-nærliggjande realistisk, og når grufulle ting skjer sparast det ikkje på detaljane. Det har nemleg vore ein del elende i livet til Stuart. Gjennom samtalar med han og familien avdekkjer Alexander ei rekkje hendingar som kunne fått skulda for korleis Stuart har enda opp, men ikkje nødvendigvis får det. Heldigvis visast dei verste tinga i korte tilbakeblikk, og historia i notida har nok lysglimt til å halda balansen. Stuart er litt av ein karakter, og saman med Alexander som ein slags «straight man» er dei ein artig, likande duo. Til tross for ei overvekt av mørke, triste stopp er reisa deira svært sjåverdig.

  • Kristian

Relaterte innlegg