Meny Lukk

Vekas Strøymetips – 31/05/17

Frå Amazon Prime (og Netflix!): Closer (Mike Nichols, 2004)

Dette er ein slik film som kan vere lett å få feil inntrykk av, spesielt om ein berre dømer ut frå tittel, skodespelarar og plakat.  Det var no ein gong sånn eg såg filmen, då den hamna i hyllene til den lokale DVD-utleigaren for tolv år sidan. På coveret er det bilete av Julia Roberts, Jude Law, Natalie Portman og Clive Owen, side om side, stirrande oss rett i auga. 14år-gamle meg tenkte «romantisk film» og bladde vidare. Når eg endeleg såg filmen mange år seinare, etter anbefaling frå uventa hald, vart eg særs overraska. Closer handlar definitivt om romantikk, men romantisk, det er den ikkje.

Closer er ein brutalt kjenslemessig eksplisitt film om kor skiftande affeksjonar kan vere, og kor vanskeleg det kan vere å kjenna sine eigne kjensler. I tur og orden møtast hovudkarakterane våre, og forelskar seg i kvarandre nærast ved fyrste blikk. Vidare blir dei blir i lag og er utru med kvarandre i omtrent alle moglege (heteronormative) kombinasjonar. Men, i motsetning til meir standard Hollywood-romansar er det ikkje relativt enkle konfliktar som oppstår, slike som kjapt hadde blitt nysta opp i om folk hadde hatt ein ordentleg samtale. Og her samtalast det, det samtalast hardt.

Filmen er nemleg nært basert på eit skodespel, og dialogane mellom dei ulike parkonfigurasjonane er hovudattraksjonen. Alle dei fire skodespelarane gjev sterke prestasjonar, men Owen stikk seg litt ekstra ut som mannen som har eit spørsmål om absolutt alt. Det er ein rå film, hjarteskjærande akkompagnert av musikken til Damian Rice. Kanskje unngå denne i ein fyrste date/Netflix og chill-situasjon.

https://www.youtube.com/watch?v=6eY4YKnhsKQ

Frå HBO: Career Suicide (Chris Gethard, 2017)

Etter ein downer av ein kjærleiksfilm passer det gjerne bra med eit standup-show til å få opp humøret igjen? Vel, då anbefaler eg sjølvsagt Chris Gethard sitt fyrste show, der han omtrent berre snakkar om depresjon og sjølv-destruksjon. You know, morosame ting.

Men det er faktisk ganske morosamt, innimellom det triste. Og til tross for at ein kunstnars røyningar ikkje er nytt territorium i standup-verda, kjennast utleveringa han gjer av sine djupaste problem som eit nytt nivå av ærlegdom. Gethard har levd eit liv på utkanten av showbusiness. Han har hatt eit lite knippe småroller på TV og film, eit særs kort opphald som gjesteskribent hjå Saturday Night Live, og han driv eit relativt populært talkshow på ein offentleg TV-kanal. Innimellom har han slite med ein god del personlege problem, og det er desse han humoristisk presenterer i dette showet.

Om han snakkar om problema med alkohol, kjærleikslivet, eller hans inkompetente psykolog finn Gethard alltid ein tragikomisk balanse som lar oss le av dei tristaste ting. Denne balansen gjer det 85-minutt lange sette til ein vinnar. Eit bittersøtt innblikk i livet til ein mann som har overkome mykje, men ikkje latar som det er lett å fortsetje å halde seg oppe.

 

Relaterte innlegg