Sunny Suljic speler ein tenåring som desperat vil finne ein vennegjeng der han passar inn. Heimelivet hans er plaga av ei mor som ikkje er der for han og ikkje forstår seg på han, samt ein bror som direkte mishandlar han. Filmen overlev til dels på nostalgi, og for nokon som ikkje vaks opp på nittitalet, som meg, er kanskje filmen i overkant avhengig av nostalgifaktoren. Likevel presenterast ei gjenkjenneleg historie om ein gut som strevar medan han veks opp.
Jonah Hill gjer ein enormt dyktig jobb som ein førstegongs-regissør. Na-Kel Smith har og ei utbrytarrolle med karakteren Ray. Eg tenkjer begge vil nok vera å sjå igjen snart i nye, større prosjekt, forhåpentlegvis med enno meir ambisjon.