Meny Lukk

“Dune” – Storslagen science fiction

Etter å ha blitt utsett med nesten eit heilt år, er endeleg Denis Villenueve sin adapsjon av science fiction romanen til Frank Herbert frå 1965 i ferd med å lyse opp lerret i heile verda. Villenueve har på dette spektakulære prosjektet tatt med seg veteranen Hans Zimmer som komponist og eit stjernespekka galleri av skodespelarar. Dette gjer for god kinofilm.

Keisaren av det kjende univers gjev hertug Leto av Atreides-dynastiet (Oscar Isaac) ansvaret for innsanking av det mystiske stoffet «spice» på ørkenplaneten Arrakis etter dei førre okkupantane sitt tyranni mot lokalbefolkninga skapte rimeleg dårleg stemning på sanddynene. Dette skal vise seg å vere ei vanskelegare oppgåve enn tenkt då politikk, intrigar og store ormar under sanden skapar problem for hertugen og son hans Paul (Timothée Chalamet), som i tillegg til dette, opplev merkelege draumar om den nye planeten.

Skalaen på Dune er enorm. Dette er verkeleg ein film ein bør oppleve i ein kinosal. Kinematografien og lydsporet som vert presentert er av toppklasse, og gjer ein utmerka jobb med å frakte meg som sjåar inn i det majestetiske universet på skjermen. Tempoet i filmen er seint, og gjev publikum god tid til å ta inn dei praktfulle bileta framfor seg.

Det at filmen brenn sakte er slett ikkje ein dårleg ting, men det fungerer ikkje heilt ideelt med alt som skal etablerast for eit publikum som gjerne ikkje er kjende med materialet filmen er basert på. Det verkar til tider som om filmen sakkar ned tempo på grunn av mengda informasjon som må inn. Dette førar diverre til at det blir ujamt i visse delar, og speletida er allereie rimeleg lang. Om vi ser på det store biletet er dette eigentleg eit minimalt problem. Dune er på fleire måtar ein veldig sterk film som sett opp det som kan bli det neste store innanfor science fiction.

Eg tok meg sjølv i å bli godt engasjert i Dune. Handlinga er solid, og eg let meg trollbinde av musikken og det imponerande visuelle showet Denis Villenueve og kompani har stelt i stand. Det må også igjen understrekast at dette er ein film som absolutt bør opplevast i ein kinosal då den er så storslagen som den er. Så her er det ingenting å nøle på dersom du har lyst på ei god kinooppleving!

"Dune" regissert av Denis Villenueve. Spilletid: 2 timer og 35 minutter. Skuespillere: Timothée Chalamet, Oscar Isaac, Rebecca Ferguson, Zendaya, Javier Bardem, Jason Momoa, Josh Brolin, Stellan Skarsgård. Aldersgrense 12 år.

Relaterte innlegg