LYST – Ikkje i kveld, kjære, eg har hovudverk.

Det er ikkje alt for ofte at norsk skrekkfilm tar turen ut av skogen og inn i heimen. Endå sjeldnare, kanskje, er dette forsøket på å avgrensa hendingane til eitt individ sin personlege oppfatning. Lyst dykkar ned i det mørke djupet til eit forstyrra sinn, og ynskjer å kome opp med ei gysande filmoppleving. Diverre, som karakterane i meir tradisjonell norsk skrekkfilm, går den seg veldig lang bort.

Det byrjar relativt bra. Me blir introdusert til sex-og-skrekkfiksjonsforfattaren Lisa, som etter ei traumatisk hending har gått i dekning i ei lita bygd på vestlandet. Det er uklårt kor lenge ho har vore ustabil, for prologen seier ho har nettopp gjort stor suksess med den nyaste boka, men i det filmen byrjar masar forlaget allereie om nytt materiale. Ho har berre to konstantar i livet: ein creepy psykolog som kjem på heimebesøk, og kven det no enn er som forsyner ho med den latterlege mengda vin ho drikk. Unaturleg lyssetjing, eit passande skummelt lydspor og ubehageleg kameraføring klargjer oss for at noko grufullt kan skje når som helst. Tidleg i filmen kjem den fyrste av alt for mange skrekkscener som me ikkje får vite om er ekte eller ikkje. Er valdshendinga eit flashback, flashforward, ein hallusinasjon, eller..?

Denne uvissa er interessant i utgangspunktet, men effekten minskar drastisk utover i filmen. Å skjule for publikum kva faktisk skjer i røynda er eit grep som kan tilføra mykje spenning til ein film, men her gjer mangelen på etablert referansesystem at fotfeste forsvinn heilt. Når frekvensen av tvistar går i taket mot slutten av filmen fell dei alle flatt, då alt som har skjedd før i filmen mistar meining. Spesielt den avsluttande tvisten er som eit stikk i auga. Det er som om filmen ler av oss for å ville halde fylgje med den.

All bruken av villeiing hintar om ei brainstorming-økt under manusforfatninga der talet på forslag av typen «hadde det ikkje vore kult viss…» tok heilt av, og alle vart inkludert. Noko som ikkje hadde øydelagd filmen so mykje som det gjer om karakterane hadde gjort noko spennande innimellom. Men den gong ei. Ein stor del av filmen er samtalane mellom Lisa og terapeuten hennar. Her skulle potensialet for utforsking av karakterane ligge, men i staden går det mest i einsformig halv-tvitydig dialog. Gjev det meining at noko er halvvegs tvitydig? Uansett, det er meint å skape meir uvisse. Er terapeuten faktisk ute etter å hjelpe ho? Betyr det noko når ho uansett ikkje fylgjer hans råd? Er han der i det heile tatt!? Alle desse spørsmåla – og fleire – blir aldri svara på, men viser seg til slutt å ha lite betydning uansett.

Det er kinkig å kalla Lyst for mislukka, for det impliserer at det er forståeleg kva det er den prøver å oppnå, utover å servera nokre groteske sekvensar. Regissør Severin Eskeland har eit godt auga for skumle og forstyrrande syn, men historia som forteljast er so rotete og gjentakande at det robbar all effekt frå skrekken. Det hadde gått an å fylle ein paragraf eller to med ting filmen gjer bra, men etter å ha sett filmen to gonger er den bitre smaken av skuffelse alt som sit att. Med 18-årsgrense og slagord som «Tidenes drøyeste norske film» og det Alien-refererande «I ditt sinn kan ingen høre deg skrike!»  set filmen lista alt for høgt for seg sjølv. Forsøket er beundringsverdig, men det endar med riving i alle forsøk.

LYST - Regi og manus av Severin Eskeland; med Magdalena From Delis, Sondre Krogtoft Larsen, Damian Gallagher, Jimmi Salomonsen, Reinert Horneland, Torill B. Falk og Ståle Eskeland. Nasjonalitet: Norsk. Lengde: 1 t 24 min. Premiere: 21.04.17. Aldersgrense: 18 år.