Meny Lukk

“Mother!” – Fornøyeleg, ubehagelig og heilt utan hemningar

Etter skuffelsen Noah i 2014 har Darren Aronofsky gått attende til det psykologiske dramaet i sin nyaste film Mother! For anledninga har han henta inn Oscarvinnande Jennifer Lawrence og Javier Bardem i tillegg til ei rekke andre velkjente, og talentfulle skodespelarar. Filmen er inga lita satsing frå regissøren si side, men greier han og lande dette dristige stuntet?

Vi befinner oss i ein rustisk villa ute i ein skog milevis frå resten av omverda. Mor (Jennifer Lawrence) arbeidar hardt med å omforme det gamle huset til eit paradis medan Han (Javier Bardem) er opptatt av å forfatte si siste bok. Livet her ute verkar nærmast idyllisk og det vesle huset er på god veg til å bli eit lite paradis. Men det tek ikkje lang tid før sømmene byrjar å rakne når Mannen (Ed Harris) kjem på besøk. Og det er ikkje til noko større hjelp når Dama (Michelle Pfeiffer) følgar etter neste morgon. Saman byrjar dei å trykke på knappar som vertane helst vil halde urøyvde. Med deira hjelp vert bremsene kutta og filmen får fritt spelerom til å ta oss, sjåarane, med utfor kanten av stuppet.

Mother! endar opp med å være ei filmoppleving lik få andre og som til tider kjem til å ha deg sittande lamslått i kinosalen. Mykje av dette kjem ned til eit utmerka lydarbeid som er gjort og som verkeleg løftar filmen fleire hakk. I Mother! er ikkje lydeffektar brukt utelukande for å komplimentere det som føregår på skjermen, men lydeffektene er viktige støttespelarar for å forsterke og utdjupe handlinga. Klirring i kaffikanner, knirking frå veggar og rumling frå vaskemaskiner er alle finspissa for gje sjåaren eit skikkelig slag i trynet.

For det er det Aronofsky håpar å oppnå med denne filmen.  Vi skal kjenne oss litt utilpass, vi skal verte litt forskrekka. Gjennom heile opplevinga bevegar kameraet seg sjeldan meir enn ein halvmeter frå Jennifer Lawrence og vi vert tvinga til å sjå mora sitt hus falle saman frå hennar perspektiv. Vi vert tvungne til å sjå alt det vonde ho ikkje kan gjere noko med, og vi vert tvungne til å sjå hennar reaksjon. Denne synsvinkelen sett eit klart press på Lawrence, og sjåaren vert veldig avhengig av hennar prestasjon. Men som filmen si bærebjelke står ho mykje stødigare enn mange av dei vi finn i karakteren sitt eige husvære. Lawrence sin opptreden er kanskje ikkje heilt på linje med Natalie Portman i Black Swan, ein kan fortsatt ense at det er Lawrence på skjermen, men der er uansett lite ein kan sette fingeren på og klage over. Vi finn òg ei rekke gode prestasjonar blant birollene, vi får til dømes framifrå opptredenar frå både Javier Bardem og Ed Harris.

Denne kombinasjonen av fantastiske prestasjonar, utruleg lydarbeid og interessant kameraføring held deg klistra til setet medan vi bevegar gjennom dei mørke utviklingane handlinga tek. Og tilhengarar av Aronofsky sine filmar kjem til å kjenne seg godt attende i dei høgst forstyrrande framstillingane filmen konstant kastar mot deg, men kjem òg til å kjenne seg like overraska og sjokkert som alle dei andre i kinosalen. Filmen er nemlig bygd rundt ei rekkje ubehagsmoment som kjem i rad og rekke i løpet av filmen si to timer lange speletid. Og ein vert til tider sittande og undre over korleis ein slik film fikk eit studio sitt klarsignal i det heile. Og ein må verkeleg feste setebelta når ein bevegar seg inn i filmen si kaotiske og ville tredje akt.

Om ein deimot skal kritisere filmen for noko er det kanskje vært og nemne at denne urokkelege gangen mot absolutt kaos gjev lite pusterom til sjåaren, spesielt når ein nærmar seg filmen sin slutt. Når det eine grusame bilete nærmast vert forbipassert for å gjere rom til det neste kan det verte vanskeleg å hengje med. Ein vert som eit resultat av dette sittande attende i ei lettare forvirring utan å heilt vite korleis ein skal reagere og kva det er meininga ein eigentleg skal reagere på.

Og når vi først snakkar om forvirring kan det være greitt å merke seg at filmen utartar seg svært annleis enn det traileren skal ha deg til å tru. Traileren gjev gjennom dei urolege strenginstrumenta utrykk for at filmen er ein rein skrekkfilm. Og det er, for så vidt, sant at filmen inneheld ein del horrorelement og ein-to-tre jumpscares, men om du reiser på kino for å sjå ein lettbeint skrekkfilm kjem du i staden til å verte skuffa når du finn eit litt tyngre psykologisk drama. Men når filmen nærmar seg slutten kjem den uansett til å ha deg hengande ytterst på setekanten.  

Mother! er ein ellevill reise gjennom den gradvise øydeleginga av eit idylisk paradis. Aronofsky sikrar endå ein gong posisjonen sin som eit av dei mest originale, beste og kanskje mest forskrudde regissørane som endå lagar film. Han er hjelpt i dette av ei rekkje talentfulle skodespelarar som alle leverar gode prestasjonar og eit lydbilete som leverer over all forventning. Der er uansett greitt å være obs på at traileren sel ein annan film enn ein får og at den endelege filmen er full av symbolikk og karakterdrama som fort kan bli tungt om du forventar ein småskummel underhaldningsfilm. Men om du vert med på ferda kan du få eit av dei meir interessante filmopplevingane du finn på kino, og verte vitne til ein av dei mest risky filmsatsingane ein har sett på årevis.

Mother! – Regissert av Darren Aronofsky; skrevet av Darren Aronofsky; med Jennifer Lawrence, Javier Bardem, Ed Harris, Michelle Pfeiffer. Spilletid: 2 t. 1 m. Land: USA. Premiere: 15. september 2017. Aldersgrense: 15 år

 

Relaterte innlegg