Meny Lukk

“The Conjuring: The Devil Made Me Do It” – Halvbakt sjangerblanding


Vera Farmiga og Patrick Wilson er tilbake i rollane som Lorraine og Ed Warren, eit gift par som undersøkjer paranormale hendingar rundt om i verda. Dette er det tredje innslaget i The Conjuring-serien som også har gitt liv til spin-offs som Annabelle (2014) og The Nun (2018) m.m.

Slik som dei to førre filmane i serien er handlinga til The Conjuring: The Devil Made Me Do It basert på ekte hendingar Warren-paret skal ha opplevd. Filmen omhandlar Ed og Lorraine Warren si involvering rundt eit drap som fant stad i ein liten amerikansk by i 1981. Drapet fekk spesielt mykje oppmerksemd i media då drapsmannen hevda at han handla som følgje av å vere besett av ein demon.

Det at handlinga tar for seg ei rettssak som faktisk har hendt gjer at linja mellom skrekkfilm og «true-crime» blir litt viska ut. «True-crime» delen av filmen funkar greitt for å drive fram ei forteljing, men tar litt vekk frå den typiske skrekkfilmen som The Conjuring-serien pleier å levere. Dei skal ha pluss i boka for å prøve noko nytt med to sjangrar som i teorien kan funke veldig godt i lag, men det heile ender opp med å felle litt flatt.

Sjølv om den ikkje er heilt suksessfull når det kjem til å blande sjangrar er dette framleis ein solid skrekkfilm som allereie frå første stund kastar sjåaren rett inn i ein rimeleg intens eksorsisme. Skrekken som blir bydd på er til tider ganske effektiv, og eg skal ærleg seie at eg kjende på ubehag ved eit par anledningar. Likevel er mykje av det som blir presentert av skrekkelege innslag i form av «jumpscares» som ein mot slutten av filmen kan bli greitt nomen av. Dette fører diverre til at den kan miste litt av gnisten sin mot klimakset av forteljinga, og dermed landar litt dårlegare enn det den gjerne skulle gjort.

The Conjuring: The Devil Made Me Do It er ein heilt grei film som klarer å formidle ei historie som er engasjerande til tider, men som ikkje heilt får til den sjangerblandinga den prøvar på. Likevel er den verdt å sjå for fans av serien, då den leverer på nivå med dei to førre filmane når det kjem til skrekkaspektet.

The Conjuring: The Devil Made Me Do It  - Regissert av  Michael Chaves. Spilletid: 1t 52m. Land: USA. Norgespremiere: 04.06.2021. Skuespillere:  Vera Farmiga, Patrick Wilson, Julian Hilliard. Aldersgrense: 15 år

Relaterte innlegg