Meny Lukk

22. Iran – Nader og Simin, eit brot.

Frå Japan tek vi turen innover i det asiatiske kontinentet til Iran. Dette vert kanskje ikkje sett på som ein typisk filmnasjon, men Iran har meistra å produsere nokre verkelege filmslagerar oppigjennom. Seinast i år vant Det finnes ingen djevel Gullbjørnen ved Berlinalen, og No Exit, som var representanten til landet i vår førre jordomsegling, kan òg nemnast blant landets bidrag til det internasjonale filmkorpuset. Her vil eg uansett trekke merksemda mot vinnaren av den første av landets så langt tre gullbjørnar, Nader og Simin, eit brot. Dette var kanskje også den filmen som verkeleg opna auga til det vestlege publikummet for landet i 2011.

Ved filmen si byrjing sitter Simin og Nader i eit skilsmissekontor. Simin har fått nok av landet, ho vil flytte til ein stad der dei kan finne ei framtid for dottera deira. Nader kan, på si side, ikkje forlate sin demente far aleine i heimlandet. Dei vil skilast, men dei får det ikkje løyve. Ikkje berre fordi at dei konservativt religiøse institusjonane i landet ikkje tillèt det, men etter kvart også fordi ei veksande garn med sosiale relasjonar strammar seg inn rundt dei.

Slike små samlivsdrama, med ei luskande verdikonflikt i bakteppet, er ikkje akkurat fersk kost for nokon som har sett litt film. Det er heller ikkje ein sjanger som alle tolererer spesielt godt, og ser på som keisam dramatikk. Nader og Sirmin, eit brot er uansett noko annleis. Medan mange regissørar slit med å bite seg fast i noko som faktisk gjev meining når dei nyttar denne sjangeren, har regissør og forfattar Asghar Farhadi her nærmast perfeksjonert det minimalistiske dramaet. Trass at nærast heile handlinga vert fordelt mellom to lokasjonar og med ei kort rolleliste, presterer Farhadi å alltid sette rollefigurane sine midt i uløyselege moralske konfliktar.

Noko av dette er resultatet av det komplekse og autoritære iranske byråkratiet, og nokre av dei religiøse undertonane i det, men det er ikkje dette filmen først og fremst handlar om. Det er noko her som minner ein litt om Kafka. Rollefigurane er låst inne i eit endelaust system av roller og  plikter som hindrar dei i å være alt anna enn underkasta, sjølv når ein ser vekk frå dei spesifikke detaljane ved det iranske systemet. Filmen fortel oss derfor om noko av det sentralt umoglege ved å være menneske, og det å ta eit meiningsfullt val.

Men det som verkeleg gjer at filmen skin er måten Farhadi realiserer dette på. Kvart vesle handlingsmoment vert nytta for å bygge opp spenninga og ytterlegare fange karakterane i situasjonen. Det tydelegaste eksempelet på dette er at ‘brotet’, eller samlivsbrotet som tittelen viser til, fort fell i bakgrunnen for heilt andre handlingsrammer som tvingar seg på rollefigurane. Farhadi viser oss ikkje berre brotet, men alle komplikasjonane eit slik val til slutt fører med seg. Korleis dette eine ønsket om å verte lykkelegare løyser ut eit snøskred som vert umogleg å stanse, og dette på ein måte som verkeleg er engasjerande.

Vi har alle sett ein av dei mange familiedramaa som rullar rundt på filmfestivalane her til lands, og dei fleste veit at desse kan verte både trasige og keisame. Det du kanskje ikkje visste er at Nader og Simin, eit brot er filmen alle desse andre freistar å vere. Ei enkel og avgrensa forteljinga som peiker utover seg sjølv og visar oss noko verkeleg interessant uløyseleg ved den menneskelege tilstanden. Dermed hamnar den utan tvil på lista over iranske filmar ein berre må få med seg.

Jodaeiye Nader az Simin/A seperation/Nader og simin, eit brot - Regi: Asghar Farhadi. Manus: Asghar Farhadi. med: Payman Maadi, Leila Hatami, Sareh Bayat. Land: Iran. År: 2011. Spilletid: 2t 3min.

Relaterte innlegg