Meny Lukk

30. Thailand – Krasue: Inhuman Kiss

Dei fleste med interesse for grøssarsjangeren har sikkert høyrt om J-horror. Nemning vert nemleg nytta om ei rekke japanske grøssarfilmar som hadde sitt internasjonale gjennombrot ved tusenårsskiftet. Sjangeren introduserte oss til moderne klassikarar som Ringu og Grudge. Noko som færre har høyrt om er dei mange andre nasjonale grøssar-oppblomstringane i Asia som tok sine inspirasjonar frå det japanske gjennombrotet.

Eit av desse finn vi i Thailand i form av thai-horror som slo igjennom internasjonalt med kultfilmen Shutter i 2004, som følgjar Tun og han sitt forheksa kamera. I motsetning til sjangeren frå øynasjonen har thai-horror vist seg å verte ein svært motstandsdyktig sjanger, og framleis dukkar der opp merkverdige thailandske grøssarar med jamne mellomrom. Ein av desse er Krasue: Inhuman Kiss frå 2019. Ein film som faktisk vart utvald av Thailand til å representere filmen i Oscar-kategorien for beste utanlandske film. Dessverre vart den ikkje nominert av juryen.

Krasue: Inhuman Kiss følgjar vi ein vennegjeng som har vakse opp i det landlege Thailand utanfor Bangkok. Ein Krasue, eit mytologisk monsterhovud som et smådyr og ungar, herjar landsbyen deira. Ein dag vaknar Sai til at senga hennar er dekka i blod – og at ei mystisk arr har danna seg rundt halsen hennar. Samstundes dukkar Noi, eit gamalt medlem av vennegjengen, opp i landsbyen.

Med seg har han prestert å drage eit heil jaktlag som er på sporet til den fæle Krasuen.  Det bryt snart ut interne konfliktar i den  vesle landsbyen, og på toppen av det heile endar gutane Jerd og Noi med å kjempast om Sai sitt hjarte.

Dette er ein merkeleg film. Den marknadsførar seg som ein grøssar, men er like mykje bygd på romantikk, humor og spesielt fabelprosa. Sjølve grunnkonseptet er veldig interessant, der hovudpersonen samtidig tar på seg rolla som både Mina Harker og Dracula.

Strø på ein dose med fabelprose-gimmikar, ei spiseskei med spesialeffektar, ei oppsvulma kampscene og eit par liter med romantisk kliss-klass, og so har du denne filmen i eit nøtteskal. 

Men filmen bærer òg eit preg av å vere eit vatn-over-hovudet-prosjekt, med alt for mange sjangrar, plott og karakterar i vellinga. Den er ikkje direkte inkompetent i noko av det den prøvar seg på, men ingenting vert ordentleg utvikla, og slik endar alt opp med å kjennast noko halvhjarta.

Filmen er rask til å kaste seg frå den eine stilen til den andre, noko som tidvis er svært underhaldande, men ikkje heilt på den måten filmskaparane ønskjer – og då tenkar eg spesielt på filmen si tredje akt. I tillegg ligg eimen av såpeopera tjukt over filmen sine romantiske underforteljingar.

Men alt dette tydar ikkje nødvendigvis at dette er ein dårleg film. Den er nemleg svært velprodusert trass høva. Filmfotografiet er dyktig utført. Nokre bilete og fotosekvensar er faktisk langt meir meisterlege enn dei fortener å vere, med både nokre vakre kamerasekvensar og forsiktige nikk mot den fargerike skrekken til Argento.

Dei digitale effektane er kanskje dei som berer mest preg av eit innsnevra budsjett, men monsterhovuda sine tentakelbein verka framleis mykje meir livnære enn eg forventa. Så trass at filmen kanskje er ei noko finurleg oppleving, er det framleis ei svært lettfordøyeleg ei.

So dette er kanskje ikkje den type film du ser om du ønskjer deg eit meisterverk, men den representerer framleis noko artig og annleis. Som sagt er dette like mykje ei fabelprosaforteljing som ein klassisk grøssar, og filmen dannar slik eit svært interessant bilete av det mytologiske grenselandet inne i dei thailandske junglane.

Den peikar òg utover seg sjølv. Internasjonalt er den eit eksempel på ein veldig interessant undersjanger som er i ferd med å vekse fram i denne delen av Asia – mytologiske skrekkfilmar satt til skognære landsbysamfunn der tradisjonar og mistru framleis dominerer – og fakkellyset heng lavt under trekronene. Andre merkverdige kandidatar er indiske Tumbbad frå 2018 og indonesiske Impetigore frå 2019. Lik Krasue: Inhuman Kiss er dei alle satt til mørke verder under jungeltrea, der hatet og fakkellyset herskar.

Inhuman Kiss /  แสงกระสือ  - Regi av:  Sitisiri Mongkolsiri. 
Med: Oabnithi Wiwattanawarang, Sapol Assawamunkong 
og Surasak Wongthai. Land: Thailand. År: 2019. Spilletid: 2t 2min

Relaterte innlegg